Spørsmål og svar

Kva gjer eg når dei som legg meg til på Snap berre vil ha seksuell kontakt?

Jente, 13

Hei eg e er veldig usikker og blir litt ukomfortabel av detta. På snap har eg lagt til fleire guttar som eg ender opp med å blokke, grunnen te detta er som følgende. Vist eg legger noken til er dei alltid eldre enn meg (dei adder meg først) som regel veit eg ikkje kven dessa er og vil berre bli kjent. Men etter dei funne ut kordan eg ser ut får eg nesten berre seksuelle kommentarar mot meg. Og det er berre bilde av meg med store hoodies eller t skjorte som ikkje er tette der berre skuldrene og opp vises. Jo eldre dei er jo verre kommentarar dei eldste med desse komentarane er 07! Så nesten myndig menst eg e 011. Eg blokkerer dei som regel etter et par minutt med snakking fordi dessa komentarane kjem. Eg er berre lei og eg blir veldig ukomfortabel er ikkje meg sjølv i det siste. Og eg skjønna at eg berre kan stoppe å adde folk men eg bur i en liten by og vil bli kjent med fleir. Det er verst vist dei bur i min by og fordi då ser eg dei som regel i sentrum! Hjelp meg!

Svar

Hei!

Takk for at du skriv til oss.

Det er heilt naturleg at du kan oppleve dette som vanskeleg og at det skapar usikkerhet hos deg. Det er også nyttig at du velgjer å avslutte kontakt når du kjenner deg ukomfortabel.

Det er fint at du ynskjer å bli kjent med nye personar. Då er det også bra at du klarer å skilje mellom dei som berre ynskjer å ha seksuell kontakt, og med dei som verkelg vil bli betre kjent med deg.

Forsøk å finne andre kanalar eller andre måtar å komme i kontakt med nye folk på. Det kan til dømes vere gjennom fritidsaktivitet eller gjennom venner som du allereie kjenner.

Ta gjerne initiativ til å finne på noe med andre, ofte kan det vere ein fin måte å komme i kontakt med nye personar på. Når du først treffer dei på ekte kan det vere lettare å knytte meir kontakt på sosiale medier.

Du kan også legge til folk som du kanskje kjenner litt, men ynskjer å bli betre kjent med. Kanskje går det noen på skulen din som du kan ta meir kontakt med? Kanskje er det noen du har sett eller veit om via andre som du kan legge til på Snap Chat.

Når du tek initiativ til kontakt har du også meir kontroll på dei du legg til og det er lettare å unngå ubehagelege situasjonar.

Hugs at du også kan melde i frå til Snap Chat om upassande innhold dersom du opplev dette.

Håper svaret kan vere til nytte.

Helsing helsesjukepleiar i ung.no

Besvart: 2.1.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål