Kan ein få traumer av å vite at nokon tok sjølvmord?
Jente, 15
spørsmål: kan man få traumer av at noen du veit om har begått selvmord?. Ein gut på skulen min gjor selvmord og overlevde ikkje. og eg blir trigget vist folk nevner om sjølvmord og sjølv skading. Eg har hatt mareritt om døden til denna gutten. Eg var ikkje der når han gjor det. men eg fekk vite kva som skjedde. det er kjempe trist at han døde, og valgte og gjere noko sånt. eg kjente han ikkje så godt. Men er fortsatt eit savn. læreren sa at detta er noke vi kjem aldri til og glemme, og må på ein måte leve med. kan man få traumer av sånt? Eg har det fint❤️berre synest det er så trist at folk velger og gjere sånt
Svar
Hei du!
Så vondt å høyre at du har mista nokon i sjølvmord. Det er nok rett som læraren din seier at dette ikkje er noko ein gløymer. Samtidig så er det slik at vanskelege hendingar blir lettare å handtere etterkvart som dei kjem litt meir på avstand i tid. Både sorga og sjokket over det som har skjedd vil endre form gjennom livet. Dette betyr at det er sannsynleg at du ikke vil bli trigga på same måte som no når tida går litt. Det er vanleg at ein blir meir aktivert/trigga i kroppen når det er nært i tid. Då vil ein gjerne få vanskelige tankar, minner og følelsar opp når noko som minner om det som har skjedd kjem opp i samtaler, nyheter eller bilete.
Angåande det du spør om så er "traume" eit ord som betyr skade/sår. Ein kan få fysiske og psykiske skader/sår (traumer). Når vi snakkar om traumer innanfor det psykiske snakkar vi gjerne om traumatiske hendingar som gir "sår" som påverkar kvardagen til den det gjeld i betydeleg grad. Kva som fører til traumer/sår i psyken hos den enkelte er individuelt. Nokon kan gå gjennom og oppleve svært mykje belastande uten å få så store sår/traumer at det påverkar kvardagen medan andre kan bli prega i større grad av det ein opplever som er vanskeleg. Dette kjem an på litt forskjellig i både i den enkelte sin sårbarheit og i omstendighetene av det ein har opplevd. Til dømes vil det kunne vere av betydning kor nær ein var den det skjedde med, kva ein såg/høydre/fekk vite om det som skjedde, korleis ein hadde det frå før før et som skjedde oppstod, kven ein hadde/har rundt seg som ein kan dele med, kva ein hadde opplevd tidlegare i livet sitt før det som skjedde oppstod - og så vidare.
Når det gjeld det du spør om så tenker eg at det er heilt naturleg at det vekker noko i deg når du høyrer om sjølvmord ettersom du veit om nokon som har gjennomført det. Det er dessverre altfor mange som tar livet sitt i løpet av eit liv men det er likevel mest vanleg at ein ikkje har opplevd at nokon har tatt sjølvmord når ein er så ung som du er no. Dermed er det klart at ei så alvorleg hending vekker mykje.
Det er forskjell på det å bruke ordet "traume" om det at ein reagerer med aktivering/blir trigga av noko og det å ha en traumelidelse. En traumelidelse (f.eks PTSD) er meir gjennomgripande og påverkar i større grad alle delar av livet. Det skal ein del symptomer til for å få ein traumediagnose som f.eks PTSD. Det å ha enkeltståande traumer (belastande og vanskelege hendingar) fører som regel ikkje til ein diagnose.
Håpar dette var oppklarande.
Eg ynskjer deg alt godt og er lei for at du og dei andre som kjente personen har måtte oppleve dette.
Med beste helsing frå psykologen
Besvart: 28.5.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

