Tysk nivå II eller spansk nivå I – hva er lettest å få 6 i?
Jente, 15
Hei, Eg har hatt tysk nå i 3 år og fått toppkarakter heile Vega gjennom. Nå til høsten skal eg starte på vgs og har moglegheita til å enten velje tysk nivå II eller spansk nivå I. Eg er generelt god til å lære det basiske av eit språk men eg er usikker på de mer kompliserte delane av tysk som kommer på nivå II. Er det lettare å oppnå 6’er om eg velg spansk nivå I? Selv om det er litt trist å slutte med tysk etter all denne tida så er det greit for meg, det er liksom ikkje så mykje bruk for det. Så eigentleg kjem det mest Ann på kVA som er lettast.
Hei!
Det finst ikkje eit fasitsvar på kva som er lettast, fordi det kjem an på kva du er best på. Sidan du har hatt tysk i tre år og fått toppkarakterar heile vegen, har du allereie eit veldig godt grunnlag i tysk. Det tel mykje når du begynner på nivå II.
Spansk nivå I startar meir frå grunnen av, men du må likevel lære nytt ordforråd, grammatikk og uttale. Mange tenkjer at nivå I automatisk er lettare, men det er ikkje sikkert at det er enklare å få 6 dersom du må starte heilt på nytt.
Viss målet ditt først og fremst er best mogleg karakter, ville eg vurdert å halde fram med tysk. Du har allereie vist at du meistrar språket godt, og det gir deg eit fortrinn. Samtidig er motivasjon viktig. Dersom du er lei av tysk og trur du vil vere mykje meir engasjert i spansk, kan det også vere eit godt val.
Mitt inntrykk er at ein elev som har fått 6 i tysk gjennom ungdomsskulen ofte har gode føresetnader for å få ein sterk karakter vidare i tysk nivå II
Lykke til!
Mvh
Rådgiver og karriereveileder
Besvart: 17.6.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål