Spørsmål og svar

Kan jeg ha diabetes siden min far har diabetes?

Jente, 18

Hei, eg lure på sjansen for at eg kan ha diabetes. Eg har forstått det sånn at det kan vere arvelig og min far har det. Har lagt merke til ulike symptomer som aukt tørste, tåkesyn, aukt do bruk og trøtthet. Er det vanskelig å få det testet?

Svar

Hei kjære deg.

Det er litt vanskeleg å svare kort og konsist på om diabetes er arveleg. For dette er komplisert og avhenger av kva for type diabetes ein har.

Type 1 er f eks ikkje så arveleg. Type 2 er litt meir arveleg (generelt sett). Men her kjem det an på kva for type 2 man har. Type 2 er også slik at kosthold og vekt spelar ei stor rolle, så her kan ein også styre det litt sjølv.

Det er uansett ikkje slik at dei som arvar ein risiko for å få diabetes, automatisk FÅR diabetes. Faktisk får dei fleste med slekningar med diabetes, ikkje diabetes sjølv.

Symptom på diabetes kan være ekstrem tørste og do-gåing, og f eks tåkesyn og at ein er trøytt.

Eg kan ikke seie sikkert om du har diabetes eller ikkje. For det må ein gå til lege.

Mistanke om diabetes er eigenleg noko ein skal gå til legevakta for - det er noko akutt. Så om du er veldig dårleg, og har ekstrem tørste og do-gåing, bør du kontakte legevakta.

Viss dette er meir ullent og ikkje så akutt, kan du gå til fastlegen din for ein sjekk. Det er relativt lett å sjekke for diabetes - i alle fall om ein har det "i full blomst". Då vil det vise på blodprøver osv. Ellers kan ein sjekke om du til dømes har nedsett glukose-toleranse (nedsett sukker-tåleevne) - dette er noko som kan kome FØR diabetes og som då blir fulgt nøye opp.

Så vurder om dette er akutt og noko du bør kontakte legevakt, eller lege, for.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 2.2.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål