Spørsmål og svar

Kan medisin mot høgt stoffskifte gjere at eg legg på meg?

Jente, 16

Heii, eg har nylig fått påvist høgt stoffskifte etter ein blodprøve. Har følt meg sliten ein god stund og hatt mykje vondt i hovudet. Ellers har eg ikkje mange av symptoma. Har blitt henvist til spesialist, som skal finne ut om eg skal få behandling. Siden eine symptomet er vektnedgang (noko eg ikkje har merka noke til) er eg redd for at eventuell medisin skal gjere så eg går opp i vekt. Kan dette vere tilfelle? Og ellers er det noko eg kan gjere no som kan hjelpe så eg får meir energi og mindre hovedverk?

Svar

Hei!

Vi på ung.no kan ikkje stille diagnoser. Og eg kan dessverre ikkje gi deg konkrete svar angående helsa di, når eg ikkje kan undersøke deg sjølv.

Men eg kan svare generelt:

Nokre med høgt stoffskifte opplev vektnegong, uansett kva dei et. Viss ein har det slik og ein så får behandling slik at ein oppnår normalt stoffskifte, blir vekta ofte meir stabil og ein kan ikkje lenger ete mykje utan å legge på seg.

Så her spørs det på utgongspunktet; viss ein har danna seg ei vane med å ete (for) mykje (fordi ein ikkje går opp i vekt), vil ein nok kjenne at ein går lettare opp i vekt. Men eigentleg har ein fått eit normalt stoffskifte, og vil då ha "normalt lett" for å legge på seg eller ta av seg.

Du spør om du kan gjere noko for å få meir energi og mindre hovudverk. Også det blir vanskeleg for meg å svare på, når eg ikkje kan undersøke deg og ikkje veit mer om deg og helsa di.

Men hovudverk og lite energi kan vere symptom på høgt stoffskifte. Så du bør fortelle dette til spesialisten. Då kan hen ta det med i vurderinga ang medisinering. Så det kan godt hende at hovudverken forsvinn/blir mindre og energien blir betre, om du får behandling og får normalt stoffskifte.

Ellers - viss hovudverken ikkje kjem av stoffskiftet, bør du få ein sjekk og fastlegen. Då vil behandlinga avhenge av kva årsak ein finn. Nokre gonger finn ein ingen klar årsak. Då kan ein kanskje anta at det kjem av stress, stive muskler eller lite søvn og "dårlege" vaner.

Så det kan uansett hjelpe på både energien og hovudverken med gode vaner - et og drikk nok, få nok søvn, legge seg og stå opp til same tid kvar dag, prøve å slappe av, snakke bekymringer eller urolege tankar.

Så eg tenker det er viktig at du tek opp dette med hovudverk og energinivå med spesialist, og også med fastlegen din. Legane dine kan gi deg meir konkrete svar og kan også gi deg behandling om det trengs.

God betring!

Alt godt! Vennleg helsing lege, ung.no

Besvart: 29.4.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål