Eg sveittar ekstremt mykje. Kan det vere hyperhidrose?
Hei\! Eg lurer på om det er normalt å svette så ekstremt mye\. Eg har svettet veldig mye i over 6 måneder, også når eg sitter helt i ro eller ligger i senga\. Det er spesielt mye under armene og på hendene, men eg svetter egentlig over hele kroppen\. Eg må ofte skifte klær på grunn av det, og det påvirker meg ganske mye på skolen og i hverdagen\. Eg svetter på begge sider og pleier ikke å være spesielt svett om natta\. Kan dette være hyperhidrose, eller er det normalt å svette så mye?
Hei kjære deg.
Det er normalt å sveitte meir i puberteten. Nokre kan sveitte ganske mykje då, og for dei fleste blir det gå betre etter tenåra osv.
Men somme kan sveitte meir enn “normalt”. (Normalt er glidande, og det fins ikkje ein fasit på akkurat kor mykje sveitte som er normalt).
Det fins fleire moglege årsaker til at ein sveitter meir. Du spør om det kan være hyperhidrose.
Hyperhidrose (primær hiyperhidrose) er èin mogleg grunn. Då er det meir arveleg, og sveitten følg eit visst mønster.
Så fins det såkalla sekundær hyperhidrose. Her kjem sveitten fordi noko anna ligg bak - til dømes høgt stoffskifte, betennelsar, medisinar, hormonelle årsakar osv.
Eg kan ikkje seie noko sikkert om kvifor du sveittar mykje, uten å undersøkje deg.
Så mitt råd er at du går til fastlegen. Der kan du få ein sjekk og eit meir konkret svar på kva årsaken kva vere. Legen kan også gi deg råd og hjelp vidare.
Det ein uansett kan prøve (medan ein ventar på legetime til dømes), er ein “sterk” deo frå apotek, til dømes Stop24 eller liknande. Den inneheld sterkare stoff ein vanleg deo. (Somme har også hjelp i å unngå koffein frå cola, energidrikk osv, og å unngå sterk/spicy mat. Men dette siste hjelp ikkje hos alle).
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 30.9.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


