Spørsmål og svar

Eg svettar så mykje. Korleis skal eg klare sommaren og å gå i finklæ?

Jente, 13

Hei, ej svetta veldig mye, sånn om natten sover jeg med fullt åpent vindu, men det kommer jo nesten ingen kald luft inn, pga det nærmer seg sommer, så ej våkner alltid tidlig pga ej blir altfor varm, og ej våkner opp med svett hår, ansikt, rygg, osv. Ej går også på turn, og ej hata å gå me håret opp fordi ej ser støgg ut og ej blir flau av de hårene som stikker ut på begge sidene av nakken, det ser så stygt ut. Så ej går alltid med håret ned på turn, og det varer bare 1 time og oss gjør ikke så mye engang, men håret mitt blir så svett, og det blir vått som er veldig flaut, ansiktet mitt også, og tærne mine, så det kommer sånn spor etter meg, og resten av hele kroppen😭 Jvordan skal ej gå i finklær i sommer uten at svette skal vises gjennom!?Please hjelp meg, ej klare ikke mer, kordan ej skal overleve sommeren om ej svetta som mye no, når det ikke e sommer engang? Tusen takk for svar!

Hei kjære deg.

Det er leitt å høyre at du slit sånn med sveitte.

Det er veldig ulikt kor mykje vi sveittar og kor lett vi kjenner oss varme. Nokon har berre lettare for å sveitte. Men særlig i puberteten og i din alder, kan somme begynne å sveitte enda meir. Det går som regel over/blir betre etter puberteten. Men det kan jo vere ei dårleg trøyst når ein står midt i det.

Til rommet ditt, så kan du prøve å få ei vifte der. Det fins både bord-vifter og ståvifter som kan hjelpe litt. Desse fås kjøpt på elektronikkbutikkar osv.

I turnen er det kanskje lurt at du tek opp håret sjølv om du ikkje eigentleg likar det. Det kan nok hjelpe litt på varmen. Kan du kanskje finne slike “kammar” eller vanlige, små hårnåler for dei minset småhåra? (Kalla “bobby pin” på engelsk).

Det fins også spesielle deo’ar som kan minske sveitte. Desse heiter til dømes Stop24, og fås utan resept på apotek. Ein kan kjøpe dei når ein er 13 år. Dette kan hjelpe. Og ein kan ta denne deo’en på andre stadar ein sveittar også, som mellom brysta, på nakken osv (men ikkje smør inn heile kroppen!).

Men eg skjøner at det uansett kan kjennes ubehageleg for deg å sveitte så mykje. Mitt råd er at du går til lege med dette. Det er for det meiste heilt normalt å sveitte meir i puberteten. Men dersom ein sveittar veldig, veldig mykje, kan det hende legen kan hjelpe meir. Det kan uansett vere greit å få ein sjekk. Nokre gongar kan det vere stoffskiftet eller anna, som gjer at ein sveittar meir.

Du kan både bestille time (gjeld for fastlegen) og gå åleine til lege, når du er 13 år. Ein kan også gå utan at foreldre veit om det, og utan at dei har samtykka. Ein kan til og med gå sjølv om foreldre vil at du ikkje går. Det bestem du sjølv.

Men det beste kan vere om du fortel foreldra dine om dette, så dei kan hjelpe deg med legetime.

Det er kun lege som kan undersøke grundig og gi medisinar. Men ein kan i tillegg snakke med helsesjukepleiar om dette, for å få hjelp og gode råd (helsesjukepleiar på skulen eller på Helsestasjon for ungdom).

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 23.5.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål