Spørsmål og svar

Kan eg ha mista hår pga traumer? Vil håra kome tilbake?

Gutt, 20

Hei. Eg hadde ei moderat mengde med hår på leggane mine før, men eg hadde ei periode der dei flekkvis forsvant. Dette skjedde på låra mine også. Eg har hatt fleire med traumatiske opplevelsar, ekstremt stress, sjølvmordstankar, og kronisk søvnmangel. Alt dette er mykje betre no, og ein god del av kroppshåret har komt tilbake. Helsa mi er masse betre no. Har dårlig helse, dårlig kosthald, og masse stress over lang tid gjort sann at håra har falt ut? Det har eg lest at kan skje. Eg har det betre, men ikkje bra. Vil resten av håra på leggane mine komme tilbake når helsa mi er heilt bra igjen?

Svar

Hei kjære deg.

Det var leit å høre korleis du har hatt det, med traumatiske opplevingar og dårleg psykisk helse osv.

Du mista ein del kroppshår då, men noko av håret har kome tilbake.

Uttalt stress, traumer og store belastningar kan i somme tilfeller gi hårtap. Som regel får ein då eit spredt hårtap. Men ein kan også få flekkvist hårtap, eller eit hårtap som liknar på eit flekkvist hårtap (utan å vere det).

Så fins det også andre årsakar til hårtap, som betennelsar og sjukdommar i huda, mangelsjukdommar, autoimmune sjukdomar osv. Ein autoimmun sjukdom er til dømes alopecia areata, som gir flekkvist hårtap. Men ein veit at stress og traumer kan utløyse alopecia areata.

Så eg tenker at psykisk stress og traumer KAN gje hårtap, men det kan som nemnt også vere andre moglege forklaringer.

Vi på ung.no kan ikke stille diagnoser. Og eg kan ikkje seie noko sikkert om dette når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Så om du ønskjer å vite meir, bør du oppsøke lege. Der får du ein sjekk og eit konkret svar. Hvis hårtapet ditt skulle skuldast psykiske belastningar, vil ein anta at håret veks tilbake med tida/når du får det betre.

Du fortel at du har vore gjennom mykje, og at du har det betre, men ikkje bra. Får du noko hjelp for dette? Viss ikkje, vil eg råde deg å gå til lege med dette også. Det kan være veldig lurt å snakke om ting som er vanskelege, OG ting som har vore vanskeleg - for å få bearbeida dei. Det kan motverke psykisk sjukdom i framtida. Det er uasnett godt for dei fleste å få lufta problem og det er sunt å snakke med nokon om vanskelege ting. Du kan gå til lege, men også helsesjukepleiar, med dette.

Eg ønskjer deg alt godt framover, og håpar at du og situasjonen blir bedre!

Vennleg helsing lege, ung.no

Besvart: 30.4.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål