Kan eg anmelde læraren til politiet?
Gutt, 13
hei. eg lurer på om eg kan anmelde læreren min til politiet etter at han har slengt meg inn i veggen. dette var på grunn av at eg hadde åpnet døren til en guttegarderobe for å rope på en venn og spørre om han snart var ferdig. eg får vanlig vis ikkje veldig vondt, men dette gjorde faktisk veldig vondt. han anklager meg også for å ha åpnet jentegarderoben når eg skulle løpe fra læreren min men det som egentlig kjedde var at noken gjekk ut derfra. han roper også opp i fjeset på elever i klassen. det har også hendt at eg går i klassen og når han kommer bort tar han på meg for å få meg på plass. eg har sakt at eg ikkje vil at han skal gjera da men han fortsetter bare, og eg har advart til han at eg anmelder han. det er mykje meir han gjer og som flere i klassen ikkje synest er greit. eg synest dette er veldig påvirkende på kverdagen og vil ha ein stopp på dette. kan deke hjelpe?
Svar
Hei.
Eg kan skjønne at du reagerer, ettersom ein lærar skal respektere alle elevar. Å anmelde læraren til politiet for dette trur eg ikkje leder nokon veg, men eg anbefaler i staden at du melder det som skjedde til rektor på skulen.
Eg les det du skriv som at du ikkje er trygg på læraren, noko du som elev har rett til å vere. Det finnast reglar i opplæringslova som gir deg denne retten, og reglane er skjerpande når ein lærar krenkjer deg som elev.
Eg anbefaler at du gjer følgjande: 
- snakk med foreldra dine om kva som skjedd på skulen, og fortell at du ikkje kjenner deg trygg. De kan da saman med deg melde dette til skulen, noko som gjer at rektor må undersøkje korleis du har det på skulen og setje inn tiltak som igjen gjer deg trygg.
- om du ikkje vil snakke med foreldra dine om kva som skjedd, er det nokon vaksne på skulen som du har tillit til? Da kan det vere lurt å snakke med den personen. Når du har fortalt om kva som skjedd, så må den personen melde til rektor kva som skjedd og rektor må da undersøkje og setje inn tiltak for at læraren ikkje skal gjere dette igjen.
- du skriv at dere er fleire i klassa som reagerar på ting denne læraren gjer, kanskje dere saman skal snakke med kontaktlærar (om ikkje det er kontaktlæraren du skriv om), og be om hjelp?
Det viktige er at du kjenner deg trygg på skulen, og om ikkje skulen gjer noko etter at dei fått vite kva som skjer, så kan du alltid ta kontakt med mobbeombodet i det fylket du bur for å få hjelp.
Med venleg helsing frå Ombodet for barn og unge i Viken fylkeskommune i samarbeid med ung.no finn ditt ombud på elevombudene.no
Besvart: 27.1.2022
Oppdatert: 27.1.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål