Spørsmål og svar

Læraren vår er skikkelig urettferdig. Hva gjer vi?

Jente, 13

Hei. Har en lærer på skolen som underviser i spansk. Ho er skikkelig urettferdig og nekter oss å reise i elevrådsmøte eller reise til tannlegen i undervisning. Me er alle i spanskklassen enige om det. Ho er alltid sur og me elever er redde for å snakke med ho. Me er til og med redd for å gjere feil i timen. Ho har fått masse klager frå foreldre men det virker som om ingenting har ordna seg. Ho har og slengt rasistiske komentarar som har ført til psykisk helse hos andre elevar. Me kallar ho egentlig for ei heks. Helsing beskymra 13 åring som ikkje veit kva ho skal gjere.

Svar

Hei!

Ta med alle døma på korleis de har det i timane med spansklæraren og be om eit møte med rektoren. Det er berre dette som hjelper. Når læraren får klager på til dømes rasistiske kommentarar, må skulen ta tak i situasjonen. Det er ikkje lov for ein lærar å diskriminere. Dette står det om i Opplæringslova.

Om det er lettare å be ein vaksen heime om å ta kontakt med skulen, kan de gjere dette også. Da kan det vere lurt å skrive ned døma på eit ark, slik at den vaksne veit kva problema handlar om.

Ikkje vent med å ta kontakt med rektoren. Lykke til!

Med vennlig hilsen rådgiver/ungdomsskolelærer, Ung.no

Besvart: 6.10.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål