Spørsmål og svar

Redd for å miste all kontakt med venene mine

Jente, 19

Eg er no ferdig med vgs og er redd for å miste all kontakten med venene mine pga vi skal alle forskjellige stader. Korleis held eg då kontakten? Eg har vore kjempe dårleg på dette då eg slutta på ungdomsskulen, så no veit eg ikkje korleis eg bør gjere det slik at det ikkje blir det same som skjedde då. Eg er redd for å ende opp utan nokon vener til slutt, fordi eg er ikkje så flink til å bli kjend med nye folk heller

Svar

Hei!

Eg skjønar at du lurer på korleis du skal helde kontakt med venene dine etter du er ferdig på skulen. Eg lurte på det same når eg var ferdig på videregående skule. Eg skal hjelpa deg så godt eg kan!

Eg tenkjer at det kan vere fint å prate med venene dine om korleis dykk kan helde kontakt etter videregåande skule. Det er fleire måtar å helde kontakt på.

Kanskje dykk kan laga ein snapchatgruppe og vere flinke å senda snappar til kverandre. Dykk kan visa kva dykk gjer i løpet av ein dag i deira nye kvardag. Kanskje nokon skal studera, og andre skal kanskje jobba eller begynna på folkehøgskule. Då kan det vere fint å sende kverandre snappar og visa korleis det går.

Eg trur også det kan vere fint om alle tek initiativ til å helde kontakt ved å ringje på f.eks Facetime. Eg trur mykje handlar om kor flinke dykk er til å hugse å ringje kvarandre og sende meldingar eller snapper.

Eg trur dette ordnar seg heilt fint.

Les artiklane! Lykke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 22.6.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål