Har alle kommunar tilbod om psykolog?
Jente, 14
Eg tenkjer at eg vil snakke med ein psykolog. Men eg lurer på om det er ein psykolog i kommunen min. (Bur i ein liten kommune.) Egentlig veit eg ikkje kvifor eg spør siden sjølv om det er ein psykolog her, så tør eg ikkje å spørre om å snakke. Litt fordi eg ikkje tør og litt fordi eg er redd for at problemene mine og tankene mine er for små. Kva skal eg gjere? Er problemene mine for små? Er det psykolog i kommunene min? Kva Anna kan eg gjere?
Svar
Hei!
Det er ulikt frå kommune til kommune om dei har psykolog eller ikkje, men alle skal ha eit hjelpetilbod for barn og unge. Nokon kommunar har tilbod om psykolog gjennom helsestasjonen, andre har psykiatriske sjukepleiarar eller helsesjukepleiar.
Dersom du har lyst til å snakke om tankane og problema dine er det viktig at du får gjort dette. Det er ingen som skal dømme om tankane dine eller problema dine er for store eller for små.
Det hjelper å snakke med nokon. Det kan vera vondt å setje ord på og tenkje på det vonde, men me veit at det er til hjelp å snakke med nokon og dele med andre.
Når ein snakkar om det får ein hjelp til å sortere tankane og setje ord på dei. Du kan også få støtte og råd om kva du kan gjere
Kanskje kan du starte med å snakke med helsesjukepleiaren på skulen din eller på helsestasjon for ungdom? Dei kan hjelpe deg vidare dersom du treng hjelp av til dømes psykolog.
Ynskjer deg lykke til!
Vennlig hilsen
Helsesykepleier i Ung.no
Besvart: 17.10.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
