Spørsmål og svar

Lærar som mobbar og plagar elevane

Jente, 14

Vi har ein lærer på skulen som driver med mobbing. Han lytter på jentedoen og han e en mann snakk om pedo, han gir svørt stygge komantarar til elevane sine, og heilt ærlig lurere eg på om det er best å sende han på sykiater. Seinast idag fekk han 2 jenter på 13 til å grine inne på doen. Veit du ka den læreren sa????? Han stengte dei inne på klasseromet og sa til ho eine at ho berre ville være kul foran vennane osv og de sa han foran HEILE klassa og masse masee meir. Kva tenker du at vi burde gjere?

Svar

Hei,

Så bra du spør om hjelp. I dette tilfelle må de kontakte rektor og fortelje om kva som skjer. Det blir rekna som ekstra alvorleg når det er ein tilsett på skulen som plagar, mobbar eller på andre måtar krenkjer elevar. I slike tilfelle har skulen eit ekstra ansvar for å ordne opp. Det står meir om dette i opplæringslova §9A femte ledd: Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev.

Fortell det til ein vaksen
Du og andre i klassen som opplever dette bør og fortelje om det til foreldre/føresette, eller andre vaksne de har tillit til. Det er viktig å ha vaksne rundt seg som kan gi støtte og gode råd.

Ta kontakt med mobbeombodet
Det er og lurt å ta kontakt med mobbeombodet i fylket ditt. Mobbeombodet gir råd, og støtter alle barn og unge som opplever ulike typar mobbing. Du finn ombodet i ditt fylke på elevombudene.no

Mogelegheit til å klage
Til sist vil eg og at du skal vite om mogelegheitene til å klage til Statsforvaltaren om du og dei andre ikkje opplever at skulen tek saka på alvor eller ikkje får slutt på problema.

Vennlig hilsen
Rådgiver for Elev- og lærlingombudet Innlandet
i samarbeid med ung.no
Finn ditt ombud på www.elevombudene.no

Besvart: 8.3.2022

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål