Opplever lærar som rasistisk - kva kan eg gjera?
Jente, 14
Hei,eg har en lærer på skulen som er sånn ca 22 år gammel og eg føler at hun er rasistisk pga eg er halvt russisk or halvt spansk,og eg merker at hun blikker meg ganske ofte og at hun forsjellsbehandler meg på mange måter.Når eg prøver å fortelle det til vennene mine så begynner de bare å le og hun har problemer med at eg er eneste jenta som spiller fotball med alle guttane på skulen og guttane som eg speler fotball med er eldre enn meg så vetta faen eg kva eg skal gjøre. (æg æ fra X,prøvde å skje broga så møje X dialekt haha)
Svar
Hei!
Eg skjønar at dette er vanskeleg. Og skulen skal gjera noko slik at du slepp å ha det slik. Det er rektor som har mest ansvar for deg som er elev, og for lærarane dine.
På skulen skal alle oppleva at det er trygt og godt, og du skal sleppa å oppleva for eksempel diskriminering eller rasisme (opplæringslova 12-3). Og det er ekstra krav til at lærarane og dei andre vaksne på skulen møter alle elevane på ein god måte. (opplæringsloven 12-5). 
Mitt råd er at du snakkar med ein vaksen. Kanskje vil du snakka med foreldra dine slik at dei kan ta det opp med skulen. Eller du kan seia i fra sjøl til ein vaksen på skulen du stolar på (kontaktlærar, sosiallærar, miljøarbeidar, rektor eller helsesjukepleiar).
- Fortel kva du opplever. Du kan gjerne vise kva du har skrive her.
- Dei på skulen skal høyra på det du fortel, og bruka tid på å finna ut kva som gjer at du opplever det på denne måten.
- Du likar å spela fotball, og det er fint at du har nokon å spela med. Av og til seier andre elevar og vaksne ting som ikkje er greit, og av og til veit dei heller ikkje kvifor det er sårende.
- Skulen skal gjera noko for at du skal få det betre.
Eg håpar dette hjelper. Dersom du treng å snakka med nokon annan, kan du kontakta mobbeombodet i fylket ditt.
Hilsen
Mobbeombud i Rogaland i samarbeid med Ung.no
Finn ditt ombud på elevombudene.no
Besvart: 30.10.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

