Spørsmål og svar

Ein voksen eg kjenner har tatt meg på rumpe og lår

Jente, 15

Hei. Ein voksen eg kjenner tokk på meg når eg var yngre. Eg var sånn 12-13 på den tiden. Denne voksnenen ho strauk meg på rumpa og klaup til, også strauk meg ned over baksida av låret (?) og klaup til der og. Detta var FRYKTELIG ekkelt for meg, og har påverka meg ein del nå. Voksne rundt meg trur ikkje på meg, pga høyde forskjell og st ho er kjempe snill osv osv. Eg er skuffa over dei voksne som skulle ha våre her for meg. Detta skjedde, blir lei meg når andre ikkje trur på meg….blir verre pykiskt og ha mareritt om detta og at det skal skje igjen. KVA ER DETTA?? Kva har go gjort? Er detta greit??

Svar

Hei du!

Så fint at du tar kontakt. Eg skjønar godt at du er skuffa over at dei vaksne ikkje har tatt deg meir på alvor når du har fortalt om dette.

Det er ikkje greit å klype og stryke på lår og rumpe til nokon som ikkje vil det. Det at du var barn og ho var vaksen gjer det også verre ettersom det er slik at vaksne har ansvaret for slike handlingar og ikkje barnet.

Eg veit ikkje kva som har ført til at dei vaksne du har snakka med ikkje har trudd deg. Det handlar kanskje om at dei ikkje har tålt å høyre det fordi det ikkje «passar inn» med biletet dei har av denne vaksne personen. Det er uansett ikkje ei god nok unnskyldning. Du skulle blitt høyrd og tatt på alvor då du fortalte om dette.

Eg tenker at du bør kontakte noen profesjonelle for å snakke om dette. Dei som kjenner den vaksne frå før har ikkje klart å møte deg godt. Det er nok dermed betre med ein utenforståande du kan snakke med om det du har opplevd og om dine reaksjonar i ettertid. Enten kan du gå til helsestasjon for ungdom eller helsesjukepleiar på skulen din.

Du skal ikkje måtte gå rundt å bekymre deg for dette aleine og vere engsteleg for at det skjer igjen. Det er lurt å dele med noen profesjonelle som kan gi råd.

Eg ynskjer deg alt godt og masse lykke til.

Med beste helsing psykologen

Besvart: 5.5.2024

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål