Spørsmål og svar

Korleis skal eg gjere det mest mogleg komfortabelt for han?

Jente, 16

Hei, eg lurte på om korleis posisjoner man kan være i når man runker ein gutt. Eg har nettop starta å runka kjæresten min og eg ligge på sida med hånda inni bokseren hans. Men kan dere gje meg tips til korleis me bør ligge eller lssm korleis det kan bli best, og om ja burde ta av deg bokseren. Og i tillegg kor burde eg ha hånda? Han ville at eg skulle holde den litt lengere ned å passe på at penis hovudet ikkje traff noko, og me pleier å hadyneså korleis skal me ligge eller korleis skal me gjere det sånn at det blirmest mogleg komfortabelt?

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.

Det er med sex som med alt anna du måtte lure på i eit forhold: Snakk med kvarandre og fortell kvarandre kva de liker og kva de vil skal skje. Det som fungerer og kjennes godt ut for ein treng ikkje å vere godt for ein annan.

I spørsmålet ditt fortel du korleis de gjere det no. Det er heilt fint å ligge på sida medan du runker han. Synes de det er fint om han er utan bokser, er det heilt fint. Vil han behalde boksaren, er det og heilt i orden.

Ein annan måte å runke han på er om du sit på kne ved sidan av han. Han kan og sitje i ein stol og du på kne framfor han. Prøv dykk fram og kjenn etter kva som fungerer.

Han er og god på å fortelje deg korleis han vil du skal runke han; du seier han vil du skal halde litt lengre nede på penisen for at det skal kjennes godt ut. Då er det fint å fortsetje å gjere det på denne måten.

Eigentleg virker det som om du gjer det på ein god måte og som fungerer bra for han. Då mangler det berre for deg å kjenne etter om du synes det er bra for deg å runke han. Det er lett å berre ha fokus på han og ikkje deg sjølv - du skal og ha det godt!

Les gjerne denne artikkelen her for fleire tips.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 16.5.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål