Spørsmål og svar

Følte meg rar og som at verda ikkje var ekte. Kjem det av rus?

Gutt, 15

Hei i det siste har ej følt meg litt rar eg har følt at verden ikkje er ekte å føler meg litt dom av og til. å her om dagen sto ej på et buss stopp og så ned i bakken å. so begynte bakken å bevege sei som en bølge, å ej lurer på ka det kan vere sida ej he røyka masse hasj. meste parten av gongane røyka ej masse å fyrste gongen ej røyka so virka det ikkje å dei ej røyka det med sa det virka med dei so ej berre røyka meir å so plutselig virka det å då hadde ej røyka mykje meir en dei andre. å ej he sniffa litt molly mdma men det va ikkje mykje kjentest helt jevlig hadde berre masse angst men lurer berre på om det er farlig?

Svar

Hei!

Du har følt deg rar og som at verda ikkje er ekte. Du opplevde at bakken bølga seg.

Eg kan ikkje sei sikkert hva dette kjem av, når eg ikkje har undersøkt deg og ikkje kjenner deg betre.

Men det kan godt vere at dette kjem av rusmidler - hasj og molly, eller kombinasjonen.

Vi veit at både hasj og molly kvar for seg, kan gi hallusinasjonar, psykiske problem, og symptomer som at ein kjenner at verda ikkje er ekte eller at ein ikkje kjenner seg sjølv.

Ein kan også få angst av molly/mdma.

Viss ein får hallusinasjonar og liknande av hasj, går det ofte over etter 1 veke ca, og det bør gå over innan 1 mnd i alle fall. Nokre gonger går det ikkje over, men då er spørsmålet om angsten "berre" vart utløyst av rus, og ikkje direkte kom AV rus.

Molly/mdna er sterkare og folk kan få angst av det, både ved korttid- og langsbruk.

Det å få angst, hallusinasjonar osv, kan altså gå over, sjølv om ein får det når ein rusar seg. Men i nokre tilfeller går det ikkje over, eller det går ikkje så lett over.

Eg kan ikkej seie sikkert kva som vil skje med deg, og om dette er farlig eller ikkje.

Angst og psykiske problem er ganske samansatt. Ein kan ha risiko for det om ein rusar seg eller ikkje, og nokre er meir sårbare for angst osv. Ikkje alle tåler rusmidler like godt.

Viss ein veit at ein lett får angst eller psykiske problem (til dømes at ein har det frå før, har hatt det tidlegare, eller ein opplever det under rus), kan det vere at ein er særlig sårbar (har lett for) å få angst. Då bør ein ikkje ruse seg, for då kan ein lett utløse angst, depresjon, kanskje hallusinasjonar og i verste fall psykoser.

Så når du spør om det er farlig, så kan kanskje eit svar vere: Ved hasj går oftast hallusinasjonar og angst over av seg sjølv innan nokre dagar/ei veke. Ved Molly er det ei større fare for at angst osv blir verande.

Men det er altså ulikt kor farlig det er. Viss ein tåler rusmidler dårleg, har ein lettare for å få angst og psykiske problem. Så hos slike, kan det vere farlegare å ruse seg.

Når du no alt har opplevd at verda er rar og ikkje ekte, du har opplevd hallusinasjonar osv, så vil eg seie at det verkar som ikkje tåler rusmidlar så godt. Mitt råd er at du held deg borte frå rus - så risikerer du ikkje at dette blir varig. Ved å fortsette å ruse deg, risikerer du at desse plagene forblir der, og ikkje går over.

Du kan godt snakke med lege eller helsesjukepleier om korleis slutte med rusmidlar.

Og no som du har opplevd ubehag etter å ha rusa deg, kan du godt gå til lege med dette. Då får du ein sjekk og får eit konkret svar på korleis dette er hos akkurat deg.

Lege og helsesjukepleier samarbeidar ikkje med Politiet! Helsepersonell vil ikkje straffe deg, men ønskjer å hjelpe deg.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 25.2.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål