Spørsmål og svar

Har fått påvist fibroadenom. No er eg redd for at den kan ha vokst.

Jente, 20

Hei , eg har fått påvist fibroadenom og ein godartet svulst i høyre bryst som eg òg tok prøver av og alle celler var fine , eg føle no den har voks og kjenne den mye tydeligere (har òg tatt av 5-6kg), og kjenne eg har veldig angst for at da skal ha utviklet seg til noe , eg skjekket og tok desse prøvene for 4 mnd siden, eg knepper og knepper no, og er øm og vondt . E så redd for da e kommet celler så ikkje er bra .

Svar

Hei kjære deg.

Fibroadenomer er godarta svulstar. Dei er ikkje kreft, og det er svært liten fare for at dei utvikler seg til kreft. Men det er veldig bra at du har fått sjekka ut det du kjente i brystet.

Eit fibroadenom kan vekse langsamt. Og ein kan ta av seg kilo utan at det treng å skuldast noko farleg - som stress og angst, endra kosthold og trening.

Men vi på ung.no kan ikkje stille diagnoser. Og eg kan ikkje seie noko sikkert om denne klumpen i brystet, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Siden du er bekymra, og du lurer på om kulen kan ha vekse, bør du gå til lege. Då kan legen gi deg ein sjekk og eit meir konkret svar her. Du må nok få ein fysisk sjekk før ein kan seie noko meir sikkert om dette.

Ein kan bli veldig redd når ein oppdager kuler i brystet. Men ein bør prøve å ikkje ta sorgene på forskudd. No har du alt fått påvist ein ufarleg kul, eit fibroadenom. Og det er som sagt svært sjeldan at fibroadenomar utviklar seg til kreft.

Eg legger ved ein artikkel om helseangst. No seier eg ikkje at du har helseangst - men nokre av råda mot helseangst kan brukast om ein bekymrar seg mykje også.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 15.4.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål