Spørsmål og svar

Kan koronavaksina ha gjort mensen uregelmessog og vondare?

Jente, 14

Hei, i begynnelsen av Oktober tok eg corona vaksino (første dose) eg skulle ha hatt mensen 2 veker etter det men den kom aldri, den kom ikkje før 26.desember. Å då hadde eg verdens største smerter, blødde mykje meir enn da eg pleide å blødde lengre (Har alltid pleid å hatt mensen i 4-5 dagar, men no hadde eg da i 7) Har aldri i livet mitt hatt så vonde smerter som da. Kan da ha vore vaksino som har påverka da?

Svar

Hei.

Det er kome rapportar om at koronavaksina dessverre kan påverke mensen i nokre tilfelle. Det er fleire kvinner som har klaga på dette. Og ein har også funne dette i forsking: nokre får uregelmessig mens, og vondere mens etter vaksina.

Det er viktig å understreke at vaksina verkar uansett, at desse plagene er ufarlege - og at dei er forbigåande.

Eg kan ikkje seie noko sikkert for akkurat ditt tilfelle, utan å ha undersøkt deg sjølv. Så eg kan ikkje seie om det hos deg er vaksina som ga deg desse plagene, eller om dei skuldast noko anna.

Det som er rådet til kvinner som har mensplager etter vaksina, er at dei oppsøker lege for ein sjekk.

For - det er ganske vanleg med syklusforstyrringar og menssmerter, og det kan vere mange andre årsaker til dette også.

Så mitt råd må vere at du bør gå til fastlegen eller lege ved Helsestasjon for ungdom. Da kan du få en sjekk og et mer konkret svar.

Det er også viktig med eit konkret svar for å finne ut kva du bør gjere med ei eventuell andredose.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 26.1.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål