Spørsmål og svar

Bør eg kontakte lege etter eit slag mot testiklane?

Gutt, 15

Fekk er hardt slag mot testiklene og nå er en liten del av pungen blir blå/lilla. Hva kan dette bety, bør eg kontakte lege? Kan eg kontakte lege uten at foreldra mine veit om det.

Svar

Hei!

Huda på testiklane kan bli blå etter eit slag, slik ein kan få blåmerker andre stader på kroppen også.

Vi på ung.no kan ikke stille diagnoser, og eg kan ikkje seie noko sikkert om kva dette er, når eg ikkje kan undersøke deg sjølv.

Så mitt råd er at du går til lege.

Du kan gå til lege sjølv og utan at foreldra dine veit om det. Då kan du (avhengig av legekontoret du er hjå) ringe legekontoret og be om time (sei kort kva det gjeld, til dømes slag mot testiklar og blåmerke), eller du bestiller time via helsenorge.no eller helsenorge-appen.

Du kan også gå til helsestasjon for ungdom, om dei har åpent no snart. Der må ein som regel ikkje bestille time.

Du kan også kontakte legevakta (nasjonalt nr 116 117, du blir satt over til di legevakt). Der seier du også kva det gjeld og dei hjelp deg vidare.

Du har rett på teieplikt (taushetsplikt) frå legen, men dette er også litt meir komplisert (les gjerne artikkelen under). Men om det ikkje er noko alvorlig som er gale, meiner eg at legen ikkje treng informere foreldra dine etter legebesøket ditt. Du kan også gjerne sei til legen at du ikkje ønsker at foreldra dine får vite det - det skal legen ta omsyn til. Ved alvorlege ting, som til dømes skader som må opererast, vil nok foreldra få vite. (Det er sjeldan med alvorlege skader etter slag i testiklane, men det kan jo skje).

Foreldra dine får uansett ikkje automatisk vite det om du bestiller legetime, og dei får ikkje vite kva du og legen snakkar om, så lenge det ikkje er noko veldig alvorleg.

Mitt råd er at du uansett kontaktar legevakt eller fastlege (der du få time raskast) for å få sjekka ut testiklane. Det er viktig!

Hugs også at mange foreldre har vore gjennom meir enn ein trur - dei har jo også vore unge. Mange har stor forståing for kva som kan skje når ein er ung. Men du bestem sjølv om du vil fortelle dei det eller ikkje.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 14.8.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål