Kan eg vere avhengig av porno og onani?
Gutt, 18
Hei, tidlegare såg eg veldig masse på porno og eg innsåg at da gjekk ut over søvn og skulearbeid. Den siste månaden har eg klart å begrense meg slik at eg berre ser på porno i helgene når eg ikkje må opp tidlig eller har skulearbeid eg må gjere, og av og til klarar eg ein eller to helger uten porno heller. Men eg føler at når det fyst er helg og eg skal sjå på porno og onanere så blir det nesten alt eg gjer og tenker på. Eg henger med venner og har det gøy og sånt, men i hovudet tenker eg berre på at eg skal heim å sjå på porno og onanere. Eg føler ikkje at pornoen går utover noko, men eg føler ikkje det er så sunt å gå å tenke på det dagen lang. Kan dette vere eit teikn på avhengighet sjølv om eg har begrensa pornoen, gjer på andre ting innimellom og ikkje ser på det lika masse som før? Takk på føre hand :)
Svar
Hei!
Du fortel at du langt på veg har slutta å sjå på porno, men at du likevel vel å bruke helger til å sjå porno og onanere om du kjem unna å gjere avtaler. Er du samen med nokon, tenkjer du at du snart er heime og kan onanere. Det er eit teikn på at porno og onani er svært viktig for deg og kanskje litt for viktig.
Ynskjer du å endre på dette, kan du prøve å gjere meir av det du gjorde då du reduserte sist gong. Prøv å bytte ut porno og onani med andre ting som kan gje deg glede.
For nokon er det ikkje vanskeleg å endre seg, men for andre kan det vere nødvendig å få hjelp av nokon. Sjekk ut om helsestasjon for ungdom i kommunen din har eit tilbod til deg. Du kan og chatte anonymt med fagpersoner på Sex og samfunn.
Voner svaret var til hjelp for deg.
Helsing Sexologisk rådgjevar - NACS
Besvart: 1.2.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

