Spørsmål og svar

Korleis skal eg kome ut som trans?

Gutt, 13

Hei, eg lurer hvordan man kommer ut som trans, akkuratt no er allt hektisk, og eg har kommt ut til 2 venner.. og vil komme ut til flere. Eg har hatt lyst til I 1 år, har dere tips?

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Det er veldig forståeleg at du kjenner det hektisk no. Du held på å finne ut av kven du er og korleis du vil vere som person. Dette er noko dei aller fleste kjenner på når ein kjem i puberteten. Ein byrjer å legge merke til kven ein vert forelska i og kåt på.

Puberteten er også den perioden ein vanlegvis finn ut av kven ein er som person, til dømes at ein er trans.

Alt dette kan gjere at livet kjennes slitsomt og hektisk.

Når ein held på å finne ut av alt dette, er det vanleg at en vil fortelje om seg sjølv til alle. Men det kan bli endå meir hektisk om ein i tillegg til alt dette skal fortelje om seg sjølv. Kanskje du heller kan kjenne deg nøgd med at du har funne ut at du er trans og har fått til å fortelje det til to vener?

Ynskjer du likevel å fortelje om deg sjølv, kan du tenke over korleis du fortalde det til dei to venene du allereie har fortalt det til. Var det lett, vanskeleg eller ok? Kunne du ha gjort det på nokon annan måte? Var det noko du kan bruke av det?

Det kan og vere fint å snakke med andre på same alder som deg og som har kome ut som trans. Då er det fint å sjekke ut chatten til Ungdomstelefonen eller iChatten.

Uansett: etter kvart som du kjem deg meir gjennom puberteten og vert meir trygg på kven du er som person, vil det verte enklare for deg både å finne ut korleis du skal fortelle om deg sjølv, og til kven.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 19.1.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål