Spørsmål og svar

Slitt med sjølvskading sidan eg var 7 år, var hos helsesøster

Jente, 14

Eg har slitt med sjølvskading i fleire år, heilt siden eg var rundt 7 år, eg har aldri fortalt det te ein voksen eller noen i familien. Eg har prøvd å slutte med sjølvskading og har prøvd å ha plaster på der eg pleier å skade meg mest, det funker kje og det har blitt så ille eg klarer kje å ungå å gjere det på skulen og eg har lagd ganske ille brannsår på meg når eg e på skulen. Læreren sa te helsesøstera at ho va beskymra for meg, då måtte eg snakke med helsesøstera og ho spurte om korleis eg hadde det hjemme og begynte å snakke om sjølvskading, ho spurte om å sjå armene mine og da ble eg stressa og sa nei for eg hadde teikna mykje på armene og dei teikninene var stygge.

Hei

Eg skjønar at du har hatt det vanskeleg over tid og at det har vore vanskeleg å opne opp om det til nokon. Så høyres det ut som at læraren din likevel har plukka det opp og at ho har hatt mistanke om at du har hatt det vanskelig og kanskje også har sett teikn på sjølvskading. Det var bra, tenker eg, at ein vaksen såg deg og ønska å få deg til å oppsøke hjelp.

Hugs at helsesøster er vant til å snakke om alt som er vanskeleg inkludert sjølvskading. Det kan vere godt å dele med nokon som allereie veit ein del om temaet og mange opplever det som lettare å snakke med ein person som er nøytral/ikkje i familie når ein skal snakke som slike ting.

Så kanskje du kan benytte deg av den moglegheita det tross alt er no med tanke på at du har fått kontakt med helsesøster til å åpne deg litt meir om korleis du har det? Det kan vere vanskeleg dei første gongane når ein ikkje før har snakka med nokon om korleis ein har det. Det blei kanskje også litt vanskeleg for deg at helsesøster ønska å se på armane dine uten at du var førebudd på det. Kanskje kom det litt brått på. Hugs at ho heilt sikkert ønska å gjere det med omsorg - altså for å kunne hjelpe deg.

Eg råder deg til å ta sjansen på å kunne snakke litt meir med helsesøster no når du på ein måte er litt i gang sjølv om det ikkje blei heilt som du tenkte/håpte kanskje. Det høyres ikkje godt ut å gå rundt med dei vanskelige tankane og følelsane i så mange år og å måtte skjule sjølvskading du har halde på med i fleire år.

Eg ynskjer deg berre det beste og håper du får hjelpa du treng.

Masse lykke til!

Med beste helsing psykologen

Besvart: 22.6.2026

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål