Trur eg har sosial angst, tør ikkje kontakte helsesøstera
Jente, 16
Hei Eg har det ikke bra på skolen.Eg tør ikke å kontakte helsesøstera sjølv om ho er på skolen kvar dag med kontoret åpent. vet liksom ikke ka eg skal starte med. Det som er att eg har ingen ordentlige venner i klassen.Dagane er lange og eg sitter ofte på skoledoen med høg puls og svette og skjelver.Må roe meg ned på doen før eg går ut igjen til folkemengda. Hater å vere rundt masse folk på skulen.Føler alle stirrer på meg noko dei ikke gjør nokk men eg tenker det. Har vore sånn i over eit halvt år og nå er eg veldig sliten.Skjeldent eg har bra dager på skolen. Har to skolevenner som går på andre linjer men dei er eg jo berre med i lunsjen.Lærar og rådgjevar veit at eg har det vanskleg med å finne meg til rette og at eg ikke har nokon men dei vet ikkje dette med at eg føler på sosial angst.Eg har ikkje blir diagnostisert med noe men dette må vel vere noe form for angst? Foreldrene mine vet like mye som lærerne men ikkje ALT.Flau av å si dette til noen.Tør ikke å snakke med noen om ALT❤
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt.
Det du beskriver kan godt handle om angst. Det å få høg puls, svette og skjelve er typiske angstsymptomer. Det blir nok verre av at du trekker deg unna og prøver å "roe ned" for då signaliserer du til hjernen at dette er viktig å ta på alvor og dette blir det berre meir angst av.
Det er fint at nokon av lærarane veit litt om korleis du har det. Det er greit å ikkje stå heilt aleine om det. Og eg forstår godt at det kan vere vanskelig å åpne seg om ALT. Det er ikkje meininga heller at ein er nødt til å fortelle absolutt alt om seg sjølv, men i tilfellet ditt så høyres det ut som at du hadde trengt litt oppfølging og hjelp med tanke på korleis situasjonen din er no.
Du har tydeligvis tenkt ein del på dette med helsesjukepleiar ettersom du har lagt merke til at døra er åpen kvar dag og at det er mulig å gå inn der. Du treng ikkje å ha ein "klar plan" for å gå inn der. Du kan åpne med å fortelle at du er veldig usikker på kor du skal begynne men at du likevel har tenkt at du treng hjelp. Du kan fortelle nokon konkrete eksempler på det du strever med - som til dømes det du skreiv til ung.no om at du gøymer deg på toalettet for å "roe ned". Du kan fortelle at du trur du har ein form for sosial angst. Så vil nok helsesjukepleiar hjelpe deg vidare med samtalen og det er ikkje berre du som må snakke og ha full oversikt.
Så eg tenker at det blir den rette staden å starte og det høyres ut som du har tenkt litt på det sjølv også.
Du kan også lære meir om sosial angst og korleis ein jobber med dette gjennom dette sjølvhjelpsprogrammet.
Ønsker deg masse lykke til!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 14.3.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål