Hvordan kan eg sei til hu at eg liker hu uten at mange merker det?
Gutt, 13
Ëg er forelska i ein jente men tør ikkje sei det. Eg vil ikkje at så mange skal vita at eg liker hu hvis eg seier det så vil ikkje hu skal spre ryktet hvordan kan eg sei til hu at eg liker hu på ein måte som er ansikt til ansikt uten at mange merker det.
Svar
Hei!
Så herleg å høyre at du vil seie til ho du er forelska i kva du føler for ho!
Sjølv om du skulle seie dette berre til ho, er det nok ein sjanse for at det vil spre seg så andre får vete om det. Ikkje nødvendigvis fordi ho kjem til å spre ryktet, men om ho delar det som har skjedd med ein besteven, som seier det til ein annan god ven, for eksempel, er det fort gjort at fleire får høyre om det.
I seg sjølv er jo ikkje dette noko som gjer så mykje. Det følast ofte litt krise at andre veit at man er forelska, og kanskje er du redd for å bli litt erta for det, men til syvende og sist synest jo folk det berre er hyggelig når nokon liker nokon, og nyheita blir fort mindre spennande;)
Eg har eit forslag. Kva om du inviterar ho til å finne på noko med deg først? Om ho seier ja til det, tyder det i alle fall på at ho har lyst til å hengje med deg, og det er jo ein god start!
Om dokker har ei god tone, kan du anten seie til ho der og da kva du føler for ho, men seie at du håpar det blir mellom dokker to, eller du kan prøve å bli litt betre kjend med ho først. Om dokker har vore saman nokre gonger, og du har prøvd å flørte litt med ho (for eksempel ved å gi ho komplimentar og søkje blikket hennar oftare), er det kanskje lettere å få ein følelse på om ho er forelska i deg også? Og da er det kanskje litt lettare å seie kva du føler?
Hopp i det! Lukke til!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 4.6.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
