Spørsmål og svar

Ho eg dater snakkar nesten berre om seg sjølv

Gutt, 20

Hei, nylig vært på 1date. Synes den gjekk bra, det mente også ho. Avtalt 2date nå som eg gleder meg til. Vi har snakket jevnlig over Snapchat og nå sist i nesten 2timer på telefon som er veldig hyggelig. Det eneste eg merker er at samtalen handler alltid om ho, når eg prøver å rette den litt mere mot meg for å se om ho vil fortsette så går det tilbake til ho, og hennes interesser. Virker ikkje som ho har noen interesse av «meg». Selv om ho nå sist var den som ville snakke i 2timer. Er dette normalt? Tenker vi har til sammen snakket ca 10min om meg, så ho veit jo nesten ikkje hvem eg er tenker eg. Vanligvis går jo samtalen litt fram og tilbake, er den kun ene vegen synes eg. Ny i dating så veit ikkje om ho bare har så mye ho vil si eller dele at ho glemmer seg bort litt eller om ho har dårlige antenner. Ellers er ho ein pen og hyggelig jente, så håper det kan endre seg litt. Så begge kan snakke og dele ikkje bare ene siden. Takk på forhånd

Svar

Hei!

Så hyggeleg at du og denne jenta har avtalt ein date nummer to!

Det er vanskeleg å seie kvifor denne jenta snakkar så mykje om seg sjølv. Det kan vere ho ikkje er så påkobla andre, og det kan vere at ho berre gløymer seg av eller har mykje ho vil seie.

Uansett så er jo dette med å balansere kor mykje ein snakkar og lyttar, noko ein kan bedre seg på. Å lytte til andre er i stor grad ein treningssak, det handlar jo mykje om kva ein vel å bruke tid på å øve seg på! Og det treng ikkje seie så mykje om ho som person, det kan vere ein dårleg vane:)

Derfor håpar eg at dette kan ordne seg. Du kan anten prøve å vri samtalen meir over på deg, eller rett og slett fortelje ho at du føler det ikkje er så mykje rom for at dokker snakkar om deg per no. Om du seier det på ein hyggeleg måte, håpar eg at det ikkje treng å gjere noko vanskeleg for dokker seinare.

Lukke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 31.1.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål