Burde eg slå opp om eg likar ein annan?
Jente, 15
Eg har vært samen med kjæresten i nesten eit år nå, men eg har begynt å få kjenslar for nokon andre. Kjæresten er ganske dårlig til å ta initiativ, og eg følar av og til at det er litt vanskeleg å kommunisera. Eg tenkjer på den andre guten ganske ofte, men eg har ikje gjort noko anna enn å legge ham til på sc og snakka samen når vi møtast. Eg har ikje flørta eller gjort noko sånt, men eg kjennar som regel sommerfuglar i magen når vi er samen. Samtidig har kjæresten blitt mykje bedre på å ta hensyn til det eg seie, og har begynt å ta «tilbakemeldinga» mi mer seriøst. Eg trur fortsatt at eg er forelska i kjæresten, og eg vil ikje mista han som ein ven. Samtidig tenkjer eg på den andre guten så ofte, og får skyldfølelse av å gjer nettop det. Bør eg slå opp med kjæresten min? Er detta ein form for utroskap, og betyr det at eg er/vil væra dårleg kjæreste i framtida? Eg har hatt dessan tankane i rundt ein måndte. Er redd for at det bler klein stemning i venegjengen hvist vi slår opp.
Svar
Hei! Eg skjønner godt at dette er vanskeleg, og noko du tenker mykje på.
Du har nok lenge kjent på at forholdet ditt ikkje har vore heilt som det skal, sidan kjærasten din ikkje har møtt forventningane du har hatt. Det har nok gjort at du let deg sjølv dagdrømme litt om andre, og tenke på korleis det kunne ha vore med ein anna.
No som kjærasten din har begynt å vere meir slik du vil, er det du som må kjenne på om forholdet byrjar å bli fint att, eller om du stadig føler at det ikkje er heilt slik det skal.
Du har ikkje vore utru før du faktisk er med ein anna bak ryggen til kjærasten din, men det kan hende at han også føler seg overtråkka om du byrjar å chatte med han andre, slik at de blir kjent og utviklar kjensler.
Det betyr på ingen måte at du er ein dårlig kjærast, eller kjem til å bli det. Men det er viktig at du kjenner på kor du står og kva du føler. Dersom du kjenner at tankane er for lite tilstades i forholdet ditt no, er det kanskje best å ta en pause, eller å slå opp.
Husk at avgjersla skal vere det som er riktig for deg, ikkje for dei andre i vennegjengen din. Uansett kva som skjer, kjem dei nok til å vise forståelse, og dei kjem til å tilpasse seg. Det er heller ikkje slik at du og kjærasten din aldri kan bli venner att, sjølv om det kanskje er fint å ta litt avstand den første tiden om de slår opp.
Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 30.5.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål