Spørsmål og svar

Kva gjer eg når vi leikeslåss og eg truleg kom nær kameraten min sin penis?

Jente, 14

Hei. Eg har gjort noe dumt. Så igår hadde eg film kveld med 3 av mine venner 2 gutter 1 jente. Vi hadde det kjempe gøyt. Me leikeslost hele tiden, men så blei eg og guttebestevennen min dratt på gulvet. Eg lukte det ikkje å prøvde å få meg opp. Eg har kjæreste og ble ukomfortabel av at me landa på gulvet. Eg fekk meg ikkje opp så eg tenkte at eg kunne hoppe på magen hans for å få fart til å sette meg opp. Det funka, men så sa eg at eg gjorde det for qt eg skulle få meg opp. Da sa han at det ikkje var magen eg traff, men at eg traff kuken litt. Eg ble så utrolig ukomfortabel og hadde aldri gjort noe sånt. Eg hata det og veit ikkje ka eg skal gjøre nå. Bør eg sei ifra til kjæresten min? Det kan jo ødelegge forholdet mitt. Eg var 100% sikker på at eg traff han på magen! Eg er fortsatt ukomfortabel over denne hendinga. Idag spurte kjæresten min ka me gjorde eg sa det meste som skjedde, men ikkje denne hendelsen her. Ka gjør eg nå? Det var ingen som såg ut til at brydde seg bortsett fra meg

Svar

Hei.

Takk for spørsmålet ditt.

Eg forstår at denne hendinga har prega deg og at du kanskje kjenner på dårleg samvittigheit no. Då er dte normalt å bekymre seg og tenke vanskelege tankar. Samstundes er dette ikkje noko du gjorde med meining og då kan du heller ikkje klandrast for at du kanskje kom nær penisen til venen din.

Det kan vere godt for deg å snakke med kjærasten din om det du opplevde. Eg er ganske sikker på at han vil forstår deg og at dette ikkje treng å øydelegge forholdet.

Du kan også støtte deg til korleis dei andre reagera. Dersom dette ikkje verka til å bry dei andre er det også noko som nok ikkje blei lagt særleg merke til og samstundes noko som kan skje når ein leikeslåss.

Du kan også snakke med dei andre som var saman med deg og fortelje om at du tenkjer mykje på dette no. Då kan du oppleve å få støtte og kanskje kan dei trygge deg i at dette kjem til å gå veldig bra.

Håpar noko av dette kan vere til nytte for deg.

Lykke til!

Helsing helsesjukepleiar, ung.no

Besvart: 9.10.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål