Trur æ har OCD pga alle tvangstankene. Ka kan æ gjøre?
Trur æ har OCD pga alle tvangstankene og tellingen æ må gjøre, blir kjempestressa og får angstanfall vis æ ikke gjør d men d e gått utover pusten min ved at æ må holde pusten mellom skygger da æ sitter i bilen og av å til så kommer d ikke en skygga å da føler æ at æ ska dø… æ blir ofte sæ stressa at æ begynne å gråte. Ka kan æ gjøre?
Hei
Dette forstår eg opplevst strevsamt og vanskeleg for deg.
Når påtrengande tankar gir deg ubehagelege kjensler og trong til å utføre visse handlingar for å stoppe desse kjenslene, kan det vere tvang du strevar med.
Det viktigaste du kan gjere, er å fortelje deg sjølv at desse tankane er irrasjonelle, altså at dei ikkje er sanne, at det er tankar som lurer deg til å tru at noko fælt kan skje.
Så neste gong du får ein tanke eller trong til å telje eller halde pusten, kan du seie dette til deg sjølv: “No kom den trongen igjen, men det kjem ikkje til å skje noko farleg sjølv om eg ikkje tel eller held pusten.”
Det kan opplevast skikkeleg ubehageleg i starten når du gjer dette, men jo fleire gonger du klarer det, dess sjeldnare vil tvangstankar dukke opp.
Etter kvart vil dei forsvinne heilt.
I motsett fall vil tvangstankar bli sterkare og kome oftare, når du gjentek handlingane som å telje eller halde pusten.
Blir dette vanskeleg å få til sjølv, vil eg be deg snakke med foreldra dine så du kan få hjelp. Nokre gonger held det å snakke med helsesjukepleiar på skulen, andre gonger kan det vere aktuelt å bli tilvist til BUP der det finst god behandling.
Dette er heldigvis ikkje farleg, sjølv om det kan følast slik og får deg til å gråte.
Det beste er at du kan bli heilt frisk frå det.
Vennlig hilsen psykiatrisk sykepleier for ung.no
Besvart: 25.10.2026
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
