Bør eg velje noko eg likar, sjølv om eg ikkje veit kva eg vil bli?
Jente, 14
Hei. Eg sliter med å finne ut kva eg vil i livet, og kva eg vil jobbe med. Eg skal begynne i 9. Klasse, men eg stresser allereide med kva type Vgs. eg vil gå på. Eg liker veldig godt å halde på med musikk. Synge, danse spele instrumen ogv. Men eg veit ikkje on det er det smartaste å velje på Vgs. Med tanke på om eg vil halde på med medisin eller ombestemmer meg til noko annet. Eg er ein overtenkjer og ein perfeksjonist, og er redd for å gjer ting feil. Eg har prøvd å undersøke vidaregåande skuler og sjekka ein får studiekompetansemål, på musikklinja, og det før ein. Men så er der altid det med tid, penger og om ein egt vil. Så det eg gjerne ønskjer hjelp med, er: Børr eg velge noko eg veit eg likar som ein hobby, selv om eg ikkje veit om eg vil jobbe med det I framtida? Mvh. Jente 14år.
Svar
Hei!
Så fint at du skriv til oss når du er usikker, det er smart å snakke med nokon når du skal ta viktige val.
Det er lett å bli stressa når ein skal velje vidaregåande. Mange trur at det første valet bestemmer heile framtida, men sånn er det ikkje! Du har framleis god tid til å finne ut kva du vil. Det finst mange vegar vidare, og det er heilt vanleg å endre meining undervegs.
Du spør om du bør velje noko du likar, sjølv om du ikkje veit om du vil jobbe med det seinare. Det er eit godt spørsmål! Når du held på med noko du likar, som musikk, kan det gjere at du trivst betre og blir meir motivert på skulen. Då er det ofte lettare å jobbe godt med faga, og det kan gi deg betre karakterar. Gode karakterar kan igjen gi deg fleire moglegheiter til å komme inn på studium seinare.
Det du skriv om musikklinja stemmer òg, den gir studiekompetanse, og det betyr at du kan søkje på mange ulike studium etter vidaregåande. Du treng ikkje ha bestemt deg for framtida no. Det viktigaste er at du vel noko du trur du vil trivast med, for då blir det lettare å gjere det bra.
Du nemner at du også tenkjer på medisin. For å kunne studere medisin treng du nokre spesielle fag, som matte og kjemi. På nokre skular og liner er det lettare å få dei faga. Men det går også an å ta fag seinare, til dømes som privatist.
Du har god tid til å finne ut kva du vil. Ingen ventar at du skal ha ein plan for heile livet no. Kanskje du kan prøve verktøyet Få forslag til utdanninger og yrker, for å få idear til jobbar og utdanningar som kan passe for deg?
Om du vil snakke meir om dette, kan du ta kontakt med ein rettleiar på karriereveiledning.no, enten på chat eller telefon. Der kan du vere anonym og få hjelp til å sortere tankane dine og finne ut kva veg du vil gå.
Lukke til vidare! Du er allereie godt i gang når du stiller spørsmål og er nysgjerrig.
Med vennlig hilsen
Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no
Besvart: 28.7.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



