Studiespes eller elektro – kva bør du velje?
Gutt, 16
Eg går på vg1 studiespes no, og har gode karakterar, men eg veit ikkje om eg vil halde fram med dette i vg2 og vg3 eller byte til elektro. Eg synest studiespes er ganske keisamt for det meste, og veit verkeleg ikkje kva slags jobb eg vil ha. Trur de kanskje vg2 blir meir gøy enn vg1, sidan eg då kan ha programfag? Eg vil og ha god løn i arbeidslivet mitt, og veit ikkje om elektro kan gi meg det.
Svar
Hei!
Det er heilt normalt å vere usikker på vg1. På studiespesialisering blir vg2 og vg3 ofte opplevd som meir interessante fordi du då får velje programfag sjølv og kan fordjupe deg i det du faktisk likar.
Programfagene skal gi meir spesialisering og djupnelæring, og mange elevar opplever derfor meir motivasjon når dei slepp berre fellesfag.
Elektro og datateknologi er eit yrkesfagleg løp som gir fagbrev etter to år på skule og to år i lære. Fagarbeidere innan elektrofag generelt godt samanlikna med mange andre yrke, og det er stor etterspurnad etter elektrikarar i Noreg. Samtidig gir studiespes deg generell studiekompetanse og fleire moglegheiter for høgare utdanning, som på sikt kan gi høg løn – men då må du studere fleire år. Ved hjelp av påbygg gjennom yrkesfag kan du både få en yrkestittel og kunne ta høgere utdanning.
Det viktigaste er ikkje berre løn, men kva du trivst med i kvardagen. Likar du praktisk arbeid, jobbe med hendene og kome raskare ut i jobb, kan elektro passe deg. Likar du teori og vil halde flest mogleg dører opne til universitet og ulike yrke, kan studiespes vere lurt. Du kan òg ta påbygg seinare dersom du går yrkesfag og vil studere vidare.
Snakk med rådgivar på skulen før du bestemmer deg. Det finst ikkje eitt rett svar, men du bør velje det du trur du vil meistre og trivast med over tid.
Mvh
Rådgiver og karriereveileder
Besvart: 11.2.2026
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål