Spørsmål og svar

Eg skjønner ikkje meiningen med livet, har sjølvmordstankar. Kva gjer eg?

Gutt, 15

Hei, eg er èin gutt på 15, og eg skjønner ikkje heilt meiningen med livet, eg har hatt mange sjølvmordstanker og sånt men klarer det ikkje. Eg føler meg deprimert og trist, og å prate med Nokon gjere det berre verre. Kva skal eg gjere?

Svar

Hei, gutt på 15 år

Så fint at du tar kontakt.

Det at du kjenner deg deprimert, trist, har sjølvmordtankar og ikkje skjønner meininga med livet høyres vondt ut. Spesielt dersom du skal stå i det aleine.

Dei fleste menneske vil ha periodar i livet der ein har det vanskeligare og ein vil kanskje ikkje kjenne nokon "gnist" i kvardagen. Dette er heilt normalt. Dersom det går over tid så vil ein likevel gjerne trenge hjelp til å komme seg ut av det sjølv om det ikkje frister.

Eg veit ikkje kva det er som gjer at du tenker at det blir verre av å snakke med nokon om det. Kanskje har du prøvd dette og ikkje kjent at det var så greit, ellers er du kanskje redd for at det skal bli verre og dermed ikkje turt.

Eg tenker uansett at det ikkje høyres ut som det er så lurt å gå med dette aleine sjølv om det er vanskelig å be om hjelp. Det eg tenker er at det er lurt om du går til fastlegen din for å fortelle om dette. Der kan du få ein fysisk/somatisk sjekk gjennom å ta blodprøve for å sjekke at alt er OK med vitaminer osv. Ein kan bli nedstemt og føle seg slapp og trist dersom ein mangler ulike vitaminer. Dette er lurt å få sjekka. Så kan du få henvisning til BUP/psykolog ved behov. Der kan ein få hjelp gjennom samtaler og nokon vil også trenge hjelp gjennom medisiner. Det kan dreie seg om medisiner for å få sove men det kan også dreie seg om antidepressiva. Det er absolutt ikkje sikkert at du treng det men det er lurt at nokon som har fagkompetanse på dette hjelper deg med å gi råd.

Det er også mogleg å gå til helsesjukepleier på skulen i fyrste omgang for hjelp og råd vidare. Der kan du få støtte til å finne ut kva du bør gjere. 

Eg veit at du skreiv at det blir verre av å prate med nokon og at du kanskje ikkje ønska dette svaret frå meg. Men samtidig så tenker eg at eg ikkje kan gi deg eit anna råd fordi eg tenker at det er dette som er det beste. Vonde tankar og følelsar har ein tendens til å bli verre dersom ein berre skal deale med dei sjølv. Det er også ganske alvorlig dersom du tenker at du ikkje klarer/ønsker å leve. Dersom du har hatt ubehagelege erfaringar med å prate med nokon tidligare betyr ikkje det at det blir likt neste gong. Det handlar litt om å få kjemi med den ein åpner seg for også - og det skjer ikkje alltid på første forsøk.

Ønsker deg alt godt og masse lykke til! 

 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 13.5.2021

Oppdatert: 13.5.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål