Spørsmål og svar

Kva er eigentleg forskjellen på angst og nervøsitet?

Jente, 15

Hei, eg er ei 15 år gammal jenta som skal begynna i 10 til høsten. Kva er eigentleg forskjellen på angst å nervøsitet? No i 9 klasse har eg slitt veldig masse, eg grue meg alltid til gym/basseng, KuHa& mat og helse. Eg er veldig ukomfortabel når andre og ikkje berre læraren ser kor flink eg er i ting. Eg rister veldig masse på nevane å beina, puster veldig tungt, griner ofte å no i det siste har eg spydd veldig masse. Eg føler alltid at folk dømmer meg, baksnakke meg eller ler av meg sjølvom dei ikkje gjer da. Dette skjer ofte før presentasjonar/fagsamtalar. Eg begynner ofte å stamme når eg snakke eller presentere/lese opp noko. Er dette berre vanleg nervøsitet? (Har aldri snakka om dette problemet med nokon før)

Svar

Hei du!

Fint at du tar kontakt. Det er ikkje så veldig lett å seie akkurat kor grensa går - men ein kan kanskje seie det slik at angst er av eit slikt omfang at det gjerne går utover dagleg fungering medan nervøsitet er ein meir mild variant og vil gjerne ikkje påvirke funksjonen i kvardagen.

Dette du beskriver høyres ut som meir enn vanleg nervøsitet. Som du sikkert veit så er det vanleg å grue seg/bli litt nervøs før ulike situasjonar der innsats er viktig - til dømes før presentasjonar, fotballkampar, konsertar, jobbintervju eller eksamenar. Det er ikkje så rart at ein blir nervøs når resultatet har noko å seie og ein føler (og delvis har rett i) at andre følger med på ein.

Når det er sagt så er det ikkje "vanleg nervøsitet" dersom ein skjelver mykje, kaster opp, puster veldig tungt, griner og stammer. Dette høyres meir ut som angst. Angst er ein overdriven frykt (vi kan også kalle det overdriven nervøsitet) som ikkje står i forhold til situasjonen. Det er jo ikkje farleg å presentere noko foran andre men dersom ein får så kraftig reaksjon som du beskriver så er frykta mykje større enn det situasjonen (presentasjonen eller fagsamtalen) skulle tilsei.

Det er lurt at du snakkar med nokon om problema du har. Du skal ikkje måtte ha det slik at du kastar opp før presentasjonar og fagsamtalar. Det høyres ille og slitsomt ut. Det er ikkje så lett for meg å vite kven som er best for deg å kontakte men det kan vere lurt å enten snakke med ein lærar du stolar på, nokon i familien, helsesjukepleiar i første omgang. Så kan du også gå til fastlege (saman med foreldre) dersom behov for å få henvisning til BUP dersom du treng angstbehandling. Du kan også sjå på dette sjølvhjelpsprogrammet for god hjelp til presentasjonangst (og eventuelt sosial angst generelt). Masse lykke til!

Med venleg helsing psykologen

Besvart: 15.5.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål