Har det vanskeleg og ønsker å bli innlagt
Jente, 13
Hei eg har det veldig vanskelig og eg vil ikke leva lenger. Eg har egentlig lyst til å bli inlakt men eg veit ikkje korleis eg skal si det til ho eg prater med på BUP. Eg har bynt og planlega sjøl mord og er Red for at eg skal gjøra det eg vil jo jøra det men tenker på familien min. Så korleis kan eg bli inlakt?
Svar
Hei du
Så fint at du tar kontakt med oss i ung.no no når du har det så vanskeleg. Me er her for deg og ønsker å lytte til deg og støtte deg.
Det høyres ut som du har det veldig tungt og vanskeleg - spesielt ettersom du tenker på sjølvmord og planlegging av dette. Det er veldig viktig at du IKKJE set livet ditt i fare. Det vil alltid vere mogleg å få hjelp og det er ikkje slik at du kjem til å ha det som du har det no fo alltid.
Dersom du treng å vere innlagt på døgnpost så er det din behandlar på BUP som er med å vurderer dette. Eg tenker at det er viktig at du seier det rett ut korleis du har det. Du kan fortelle til behandlaren din at du er redd du skal ta ditt eige liv og at du har tenkt på om du kan bli innlagt på døgnpost. Du kan også vise spørsmålet du har sendt til oss i ung.no dersom du syns det er lettare - du kan vise svaret mitt også.
Det er fint at du tenker på familien din og at dei held deg tilbake frå å utføre sjølvmord. Du er viktig og unik berre fordi du er deg. Dei som er glade i deg hadde fått det svært vanskeleg om du var død. Utover dette så er det også slik at du ikkje kjem til å ha det så vanskelig som no alltid - med andre ord er det også viktig at du held ut slik at du får moglegheit til å oppleve at ting blir lettare enn dei er no - for det vil dei bli.
Treng du nokon å snakke/chatte med anonymt for hjelp og støtte så ta kontakt med Kors på halsen fram til 22 på kvelden. Får du planar om å ta ditt eige liv MÅ du be om hjelp med ein gong - du kan ringe legevakt på 116 117 uansett når det er på døgnet.
Du bør i fyrste omgang seie ifrå til behandlaren din om at du tenker på sjølvmord og at du tenker sjølv du treng innleggelse - så kan du og ho finne ut av dette saman. Du skal ikkje måtte finne ut av alt dette vanskelege heilt aleine.
Dersom du har fleire spørsmål til oss i ung.no og me kan hjelpe deg med noko så kan du sende ny melding så svarer me deg.
Ønsker deg alt godt og masse lykke til. Du er verdifull!
Med venleg helsing psykologen
Besvart: 8.10.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
