Eg vil ha mindre lår, kva gjer eg?
Jente, 13
Hei eg lurer på korleis eg kan få mindre lår?
Svar
Hei!
Takk for at du skriv til oss.
Det er ikkje så lett å gje deg eit enkelt svar på dette. Det er vanskeleg fordi eg ikkje kjenner deg og ikkje veit korleis din kropp er.
Samstundes er det ikkje anbefalt å slanke seg i din alder. Dette fordi kroppen er i stor utvikling og det kan vere helseskadeleg å gå ned i vekt når ein er i puberteten.
Eg forstår at du ikkje likar slik låra dine ser ut no. Då er det naturleg å bli usikker og oppleve at det beste er å gjere endringar. Mange kan kjenne seg igjen i det du ynskjer.
Det kan vere nyttig å tenke igjennom kva det er som gjer at du ikkje liker låra dine. Kva tanker er det som kjem og kva seier du til deg sjølv? Ofte kan desse tankene gjere at ein ikkje får det bra og lett blir usikker og lei seg.
Våg å endre på tankane dine om at du vil ha mindre lår. Kva er bra med slik kroppen din er no? Kva fungere bra med kroppen din? Korleis kan du få ein sterk og sunn kropp? Dette kan vere ein måte å "snu" tankar om at du bør endre på kroppen din.
Det er også nyttig å snakke med nokon du stolar på om det du tenker på. Då kan du oppleve å få støtte og at tankane ikkje blir like vanskelege.
Det er også lett å samanlikne seg med andre. Når du kjenner at du gjer det kan det vere ok å stoppe litt opp å spørje seg sjølv: "gjer desse tankane til at eg får det betre? eller "er det noko anna eg heller kan tenke som gjer at eg får det bra?"
Håper noko av dette kan vere til hjelp.
Lykke til!
Hilsen helsesykepleier, ung.no
Besvart: 25.4.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

