Er alle andre bedre enn meg?
Jente, 13
Hei, eg har nettop begynt på ny skule og der går det egentli fint men nor eg kommer heim så får eg en san vond følelse inni meg, eg føle at alle andre er så masse beire en meg i alt og eg slite litt med fag og sant så det er ein av grunnane til at eg føle det san. Før så var vi bare tre i klassen og det var meg og to gutta som eg stole på men no har vi begynt på ungdomskulen og er ein masse større klasse så eg er redd for at dei skal synst at eg er dårlig i fag og sant. Så når eg kommer heim så begynne eg og tenke masse negative tanka om meg og begynne og grine og får så vit til og puste.
Svar
Hei!
Det du føler på er vanlege tankar.
Du er inne i ein stor overgang. Du kjem frå eit lite skulemiljø, og er no i eit stort eit. Dette tek litt tid å venne seg til. I tillegg er det også mykje nytt på ungdomsskulen som du må forhalde deg til. Desse tinga går seg til.
Det å føle på at andre er betre enn seg sjølv er veldig vanleg, og spesielt i tenåra. Ein er i utvikling, og ein vil då ofte samanlikne seg sjølv med dei andre. Dette er du ikkje åleine om, og det er noko alle i klassen din gjer.
Når lærarar tek i mot nye elevar på ungdomsskulen, vil dei gjere sitt beste for å skape eit trygt og godt læringsmiljø. Det å slite litt i nokre fag er det fleire som gjer, og ingen er på topp i alt. Dette skal likevel følast trygt. Når du kjem skikkelig i gong med jobbinga kan det godt hende at du erfarar dette.
Helsing rådgjevar ungdomsskole i samarbeid med ung.no
Besvart: 19.8.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål