Spørsmål og svar

Korleis blir det med trekt skatt viss eg likevel tener under 100 000?

Gutt, 17

Hei. Eg blir lærling i haust pluss at eg har ganske mykje jobb på fritida. Det eg lurte på var det å gå ifrå frikort til skattekort er lurt. Eg er veldig usikker på kva eg kjem til å tjene i år på grunn av at eg er usikker på kor mykje lærlinglænn eg vil få i tilleg til at det varierar litt kor mykje eg jobbar, men det er ein stad rundt 100 000 men veit ikkje om eg ligg under eller over. Sidan eg no har frikort lurte eg på om det kan være lurt å bytte til skattekort slik at eg ikkje skal få ein skattesmell. Men viss eg byttar til skattekort frå frikort, må eg betale skatt om eg skulle komme under 100 000kr eller er det ingen skatt på alt under 100 000?

Svar

Hei

Takk for spørsmålet, vi skjønar at du kan lure på dette.

Viss du er usikker på om du vil tene over eller under 100 000 kroner på jobben du har no + lærlingeløn til hausten, så anbefaler vi deg å skaffe deg skattekort med ein gong. Undersøk kva læringar i yrket du skal byrja i vil tene per månad. Så reknar du saman kor mykje lærlingeløn du antar å få i haust og legg det saman med det du elles tror du vil tene i år. Viss du seinare i år finn ut at talet ikkje stemmer, så kan du endre skattekortet ditt igjen.

Viss du til dømes legg inn 130 000 kroner i løn i skattekortet, så blir skatteprosenten rekna ut fra det. Samstundes blir det tatt omsyn til løn du har tent med frikortet. Viss faktisk løn likevel kjem under 100 000 kroner i år, så vil du få skatten tilbake, for løn under 100 000 er skattefri. Det vil du sjå av skatteoppgjeret du får neste år, etter at skattemeldinga di er behandla. Du kan lese om det her: Skatt på 1-2-3 - Skatteetaten

Sjekk også ut denne nettsiden: Frikort eller skattekort? | Spleiselaget

Håper dette var til nytte.

Med helsing Spleiselaget i samarbeide med ung.no

www.spleiselaget.no

Besvart: 14.4.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål