Spørsmål og svar

Hvordan kan eg slutte med porno, og heller fokusere på kjæresten?

Gutt, 18

Eg og kjæresten har vært sammen i 3 månedar. Når vi har sex så følar eg at eg ikkje blir 100% hard. Men når eg onanerar aleine til porno, så følar eg at eg blir det. Hvordan kan eg slutte med porno, og heller fokusere på kjæresten? Og hvordan «øke» ereksjon?

Svar

Hei!

Så bra at du skreiv til oss og spurde om korleis du kan slutta å sjå porno, fokusera på kjærasten og korleis du kan auka ereksjonen.

Det er eit langt svar. Kanskje kan du lagra det og lesa det fleire gonger?

For å slutta og sjå porno kan du:

  • ta ei avgjerd/avgjerd på at du ikkje skal sjå det meir
  • lag avtala med deg sjølv når tid det er du skal onanera og hald deg til det
  • legg telefon/pc/nettbrett til lading i opphaldsrommet på bustaden. Då har du dei ikkje tilgjengeleg når du onanerer. (NB: hugs at du ikkje skal lada om natta)
  • minne deg sjølv på at tankar kjem før det du fysisk gjer; ta kontroll på tankane dine og hald deg til avtalen du har med deg sjølv

I staden for å sjå porno kan du øva opp å bruka seksuelle tankar og fantasiar.

Og kanskje er fantasien endå betre? Orgasmen kan kjennast sterkare fordi det tek litt lengre tid å bli skikkeleg kåt og få orgasme.

Korleis fokusera på kjærasten:

Du kan spørja kjærasten kva hen liker av berøringar og stimuleringar, og spørja korleis hen lettast får orgasme.

  • bruka god tid til å stryka å ta på kvarandres kropper:
  • være merksam på reaksjonar når du tek og kjenner kroppen til kjærestein
  • følgje med ansiktet til kjæresten
    • kanskje klarer du å sjå nytinga i ansiktet til kjærasten?
    • kanskje blir du kåt av kjærastens kåtheit?
  • onanera kvarandre til orgasme
    • vise kvarandre kva de liker ved å styra kvarandres hender/fingre
    • onanera framfor hverandre
  • holde blikka til kvarandre under sex
  • prøve nye ting, samleiestillingar
  • edging” - utsetja kvarandres orgasmar tre, fire gonger ved å onanera kvarandre nesten til orgasme
    • stoppa stimuleringen
    • vente litt, kanskje 30 sekund - 1 minutt
    • og så halda fram onaneringen

Hvordan auka ereksjonen:

Det er kåtheit som avgjer kor stiv penisen din er. Jo kåtare du er, jo hardare er penisen.

Det er to “kåthets-organ“, kjønnsorganet og hjernen.

Øv på å bruka seksuelle tankar og fantasiar. Ver merksam på deg sjølv og kroppen din.

Du kan tenkja på det du vil. Ingen har noko med det, heller ikkje kjærasten. Om tankane går over på porno du har sett, gjer det ingenting. Tanken er fri.

Snakk med kjærasten om kva de kan gjera saman.

Utforsk kvarandre på nytt.

Gle deg over kjærasten din!

Du kan snakka med ein fagperson på helsestasjon for ungdom.

Eg håpar dette er til hjelp for deg og eg ønskjer deg alt godt!

Helsing spesialist i sexologisk rådgiving (NACS), ung.no

Besvart: 22.3.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål