Spørsmål og svar

Korleis eg kan «ha det gøy/ beføle» med meg sjølv og min kropp?

Jente, 15

Hei, eg lurer på korleis eg kan « ha det gøy/ beføle» med meg sjølv og min kropp, utan bruke vibrator eller noke sånt

Hei!

Så fint at du skreiv til oss og spurde om korleis du kan ha det gøy og kjenne på din eigen kropp, og nyte kroppen din.

Heile kroppen er kjenslevar og nokre stader er ekstra kjenslevare for berøringar. Det er nakken, halsen, brysta, magen, låra, rumpa og kjønnsorganet ditt.

Du kan stryke på deg sjølv, med forsiktige berøringar og variere med litt fastare hand.

For at du skal få dei beste seksuelle kjenslene, orgasme, er den lettaste måten å få det på ved å onanere den ytre delen av klitoris.

Det er det mest kjenslevare området på kjønnet, og det finst forsking som viser at det er over 10 000 «god-kjenslevare» nerver der.

Den ytre delen av klitoris ligg mellom dei inste kjønnsleppene, framme, mot mage-sida der dei inste kjønnsleppene møtest.

Du kan lese om jente-kjønnet her

Her kan du sjå på ein episode på Newton på NRK der den ytre delen av klitoris ligg

Kåthet er grunnlaget for god seksualitet.

For å bli kåt kan du tenke på noko som gjer at det kilar i kjønnet ditt på ein god måte. Slike tankar kallar vi for seksuelle tankar eller seksuelle fantasiar. Det kan gje deg nokre "indre bilete". Du kan tenke på det du vil.

Sjå denne artikkelen om å bli kåt.

Her kan du lese om onanering. Les også det som står bak rullegardinene i artikkelen.

Bruk tid på å bli kjend med kjønnsorganet ditt. Sikre deg at du blir ordentleg kåt.

Jeg håper dette er til hjelp for deg og jeg ønsker deg alt godt!

Hilsen helsesykepleier/spesialist i sexologisk rådgivning (NACS), ung.no

Besvart: 17.6.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål