Tips til å klare 1000 meteren?
Jente, 14
Eg skal snart ha 1000 meter i svømming. Og av ein eller Anna grunn er eg redd for at eg ikkje skal klare det. Eg er ikkje redd for vatn eller noko sånt eller eg liker ikkje å bade pga at eg ikkje er fornøgd med kroppen min men eg trur ikkje det skal ha noko å si. Eg er bare så redd for å feile og dumme meg ut foran heile klassa. Gym læraren da at han aldri hadde hatt nokon som ikkje har klart det. Tenk om eg blir den første? Kva skal eg gjere? Tips???!?
Svar
Hei!
Slik som du forteller dette, så tenker eg at dette går heilt fint.
Mitt råd er difor at du ikkje skal overtenke dette. Når dei negative tankane kjem, skal du prøve å stenge dei ute. Sei til deg sjølv at dette går bra, og at du trass alt har svømt mykje før.
På sjølve tusenmeteren kan du godt ta det litt med ro. Svøm i eit roleg tempo til å begynne med, så kan du heller auke litt på etterkvart.
Hilsen rådgiver ungdomsskole i samarbeid med ung.no
Besvart: 7.1.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål