Kva skal eg gjere for å få henne til å ha sex med meg?
Gutt, 17
Hei eg har en kjæreste på 16 år og ho er ikke klar får sex men det er eg og eg vil så innmari ha sex med ho men ho er ikke klar ka kan eg gjøre eg vil veldig ha sex og eg vil bare vite hvordan det flåes ka må eg gjøre
Svar
Hei!
Når eg les spørsmålet ditt, forstår eg det slik at du veit det ikkje er bra å ha sex med kjærasten din sidan ho ikkje vil. Det er det veldig fint du veit. Ein skal berre ha sex med nokon fordi ein sjølv vil det og om ein kjenner det er rett. Vil ikkje kjærasten ha sex, må ein vente til kjærasten kjenner det er rett.
Du lurer på kva du skal gjere. Kanskje du skal snakke litt med henne om korleis du tenkjer ein skal vere kjærestar? Kva det er di forventer av ein kjærast og samstundes sjekke ut med henne kva det er ho forventer? Kanskje er ho redd for kva som skal skje når de har sex? Eller at ho er usikker på å sjå bra nok ut for deg eller kjenne seg uroleg for at ho ikkje veit kva du eller ho liker av sex?
Å vere kjærestar handler om å kunne snakke saman om ting som er viktige for ein og finne løysinger som passer for båe. Det kan nokon gonger gå av seg sjølv, andre gonger kan det vere vanskelegare. Når ein blir tryggare på kvarandre og får til å snakke om vanskelege ting, vil det etter kvart kunne kjennast ok å ha sex med kjærasten sin.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 9.2.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
