Sa ja, og angra. Kor lenge skal eg vere sammen med han før eg kan slå opp?
Jente, 14
Hei! Det var en gut som spurte om å være sammen men eg liker ikke han men eg sa ja fordi, eg ville ikke si nei for eg var redd for at han skulle bli lei seg. Etter at eg hadde sakt ja angra eg kor lenge skal eg vere sammen med han før eg kan slå opp ? Treng svar så kjapt så mulig
Svar
Hei!
Eg skjøner godt at du sa ja til å bli saman med denne gutten fordi du ikkje ville såre han. Men det er nok lurt, som du no sjølv seier, å slå opp med han - Det er viktig å vere ærleg, både mot deg sjølv, og han som liker deg. Til ein annan gong er det nok betre å takke nei med ein gong;)
Det beste no, er å slå opp med han så fort som mogeleg. Eg veit det er ubehageleg, og det kan godt hende han blir såra, men det er best å få det gjort innan kort tid. Det kjem til å kjennast bra etterpå!
Det viktigaste er korleis du slår opp med han.
Ta det ansikt til ansikt, og når dokker har god tid.
Ver klar på at det ikkje er han som har skulda, og at det ikkje er noko han har gjort galt, men at du har innsett at du ikkje har dei kjenslene som trengs for å vere kjærastar.
Prøv å få fram at du liker han som person, og at du synes han er ein flott fyr (hvis det stemmer, så klart), men at det berre er følelsane som ikkje er der.
Anbefaler deg å lese artikkelen "Hvordan slå opp med kjæresten" som eg har lagt under her, der får du fleire gode tips til korleis du kan gå fram!
Lukke til!
Helsing frå ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 13.4.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
