Kvifor lærer vi nynorsk på skulen?
Gutt, 14
Hvorfor blir vi tvunget til å lære å skrive nynorsk på skolen? Skjønner det med å snakke så vi forstår, men vi trenger ikke å lære å skrive det vis ikke vi skal bruke det. Har hørt at grunnen til at vi lærer nynorsk er fordi ''Nynorsk er egentlige norsk'' men de fleste lærer det som sidemål og ikke hovedmål, som egentlig gjør at nynorsk ikke er ''egentlige'' norskspråket, så hvorfor lærer vi det da?
Svar
Hei
Takk for eit godt spørsmål. Eg skal gi deg nokre gode grunnar til at vi lærer nynorsk på skulen. Men det vert dumt å berre snakke om nynorsk, og eg vil heller snakke om sidemål, då dei med nynorsk som hovudmål er nøydde til å lære seg bokmål.
- Det tryggjar det språklige mangfaldet i Noreg, gjennom at alle lærer både bokmål og nynorsk. Då unngår vi at landet vert "delt", og sørgjer for at alle forstår kvarandre.
- Noreg si historie, og med det språkhistoria, har vore prega av å byggje opp noko typisk norsk. Då vert det relevant å samle inn noko av det mest norske vi hadde: dialektene. Desse utgjer skriftspråket vi i dag kallar nynorsk - som i grunn er mykje meir norsk enn bokmålet, som stammar frå dansk.
- Undersøkingar viser at barn og unge som lærar eit sidemål har lettare for å lære seg fleire andre språk, da språkkunnskapane deira generelt sett vert betre.
- Vi har to sidestilte målformer i Noreg, kor alle som arbeider i det offentlege skal vere i stand til å svare på brev og henvendelsar både på nynorsk og bokmål.
På trass av dette er det mange som er motstandarar av sidemålet. Dette er naturleg, da mange ikkje føler meistring innanfor dette området. Dette kan skuldast at sidemålsopplæringa startar for seint i opplæringsløpet, og derfor vert ein "kunstig" del av norskfaget. Men dette er ein annan debatt, som både politikarar, lærarar og ikkje minst elevar er særs opptekne av.
Håpar dette var oppklarande!
ungdomsskolelæreren, ung.no
Besvart: 27.2.2019
Oppdatert: 27.2.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål