Eg drømte om faren min som er død. Det virka så ekte. Ka betydde drømmen?
Jente, 13
Eg drømte om faren min som er død. Han sat i sofaen i eit blått hus som eg aldri har sett før. Eg gikk og sat meg med han og da ga han meg ein klem og sa at alt er fint eller at det kommer til og gå bra? Det virket så ekte selvom eg visste i drømmen at han var død... eg har prøvd og sett litt inn på det men finner ikkje noe spesielt men eg tror han prøvde og ta kontakt med meg og det var så fint og se han og høre han og klemme han og eg begynte og gråte når eg våknet. Ka betyr denne drømmen?
Svar
Hei, jente på 13 år!
Takk for spørsmålet ditt. Det er nok ikke nokon fastit når det kjem til å vite kva det betydde at du drøymde denne draumen. Det viktigaste er kanskje kva det betydde for deg? Det er litt ulikt frå person til person korleis ein tolkar det å ha draumar som kjennes ekte.
Det vi kan seie på generelt grunnlag er at draumar ofte er ein samansetning av ting, personar, situasjonar og følelsar som me har opplevd eller tenkt på - men dei treng ikkje å vere like som virkeligheten. Dermed så kan ein til dømes drøyme om nokon som eigentleg er død og personen kan vere levande i draumen sjølv om dei ikkje lever på ekte. Det er også slik at objekter som ein kanskje ikkje kjenner til (hos deg var det eit blått hus) kan dukke opp i draumen sjølv om ein aldri har sett/opplevd objektet (huset). Dette er heilt vanleg og det er ingenting rart eller feil ved det.
Akkurat som at hjernen produserer og har mange tankar på dagtid som ikkje trenger å gi heilt meining så kan draumar også vere samansatt av elementer som gir meining saman med andre elementer som gir mindre meining.
Så fint at du opplevde draumen som god. Det er det viktigaste. Det er heilt naturleg at du ønsker at din far skal ta kontakt med deg og det kan hende at du saknar han veldig mykje. Det at du begynte å grine då du vakna handlar nok om at du opplevde denne draumen som sterk, viktig og ekte. Dette gir rom for at følelsar blir kopla på.
Du skriv ikkje noko om relasjonen din til andre i familien. Det kan vere godt å dele det ein opplever og tenker på med andre ein står nær. Kanskje kan du snakke med di mor eller andre i familien om draumen du hadde og kva den betydde for deg.
Eg ønsker deg alt godt vidare.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 31.3.2020
Oppdatert: 31.3.2020
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
