Korleis skal eg fortelja familie og vener at eg er bifil?
Jente, 15
Hei! Eg er/trur eg er bifil og familien min har litt ulike meininger om det å like personer av same kjønn. Eg har ikkje sakt til dei at eg trur eg er bifil. Så det føles ut som om eg ikkje kan vere fult meg sjølv rundt dei. Så eg har nokon spørsmål: Korleis burde ein komme ut til foreldre og venner? Kortid burde ein sei det, skal ein berre seie det når det passer eller skal det komme uventa? Når veit ein om ein er klar? Burde ein komme ut dersom ein ikkje er heilt sikker?
Svar
Hei jente 15 år
Det er vanleg å prøve ut ulike måtar å være på i ungdomstida. Dette betyr at mange også utforskar seksualiteten sin og sin seksuelle identitet. Nokon vert tiltrekt av personar av same kjønn, medan andre kan oppleve disse følelsane i møte med personer av eit anna kjønn. Mange vert tiltrekt også av fleire kjønn. Her fins det ingen fasit. Mange opplev det krevjande å stå fram som bifil i ungdomstida, men hugs du er ikkje ålene om å kjenna på disse følelsane. Dei aller fleste kjenner på ein enorm lettelse ved å kunne sei kva som er riktig for seg.
DU må sjølv kjenne etter kva som kjennes riktig for DEG. Er det beste å fortelja det ansikt til ansikt? Skriva et brev, ein mail eller poste det på sosiale medier? Kanskje kan du fortelja det til ein du stoler på og som kan væra din støttespelar når du skal fortelje det til andre.
Helsesjukepleiar på skulen din eller helsestasjon for ungdom kan kome med gode råd og rettleiing vidare. Legg ved artikkel som gjev deg ein oversikt over organisasjoner med nettsider, chat- og telefontilbod for deg som er, eller lurer på om du er, lesbisk, homofil, bifil, skeiv, panfil eller treng å snakke med nokon om kjønnsidentitet.
Ynskjer deg alt godt og lukke til!
Vennlig hilsen helsesykepleier, ung.no
Besvart: 12.7.2020
Oppdatert: 12.7.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


