Spørsmål og svar

Vil eg søkje med førstegongsvitnemål?

Jente, 18

Hei! Eg vurdera å ta opp fag som privatist frå 1vgs pga eg ikkje gjorde noko bra karakter vis. Eg skal gå andre klasse no til hausten. Kjem dei nye karakterene til å gjelde som fyrstegongs søker?

Svar

Hei

 Du konkurrerer i kvota for førstegongsvitnemål dersom du ikkje fyller meir enn 21 år i året du søkjer opptak og

  • har fått vitnemål merka som førstegongsvitnemål frå eit studieforberedande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, eller
  • har generell studiekompetanse med vitnemål frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram tatt på normal tid, anten med Vg4 påbygg til generell studiekompetanse eller studiekompetansefaga tatt i tillegg.

I kvota for førstegongsvitnemål får du ikkje med eventuelle tilleggspoeng, alderspoeng, nye fag eller fag som du har forbetra etter vidaregåande. Dersom du skal forbetre fag frå VG1 må faga med dei forbetra karakterane førast på førstegongsvitnemålet ditt for at dei skal kunne reknast med i kvota for førstegongsvitnemål. Du må difor ta opp faga mens du framleis er elev ved ein vidaregåande skule. Alle spørsmål om korleis nye fag og nye karakterar førast på vitnemålet ditt må du rette til den vidaregåande skulen din.

Dette må ta opp fag mens du går vg2 og vg3. Dette kan bli tøft i tillegg til de andre faga. Vurdere om du skal ta opp fag etter at du er ferdig med studiespesialisering isteden. Da kommer du i vanlig kvote da du søker høyere utdanning.

 

Hilsen Samordna opptak  og rådgiver vgs i samarbeid med ung.no

 

Besvart: 13.7.2020

Oppdatert: 13.7.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål