Hva er et førstegangsvitnemål, og når kommer det nye opptaksregler?
Jente, 18
Hei! Eg er 18 år og går foreløpig 2. året mitt på vgs. Eg har bytta skuler og linjer par gongar men no er målet å halde meg til denne linja og skulen, fullføra forhåpentligvis med gode karakterar, og søka psykologi profesjonsstudie etter desse 3 åra. Eg lurer på om sjansen min for å koma inn på studie vert påverka av at eg har "avslutta" eit studieløp og byrja på eit nytt. Eg har ikkje tatt opp fag som privatist men eg vurderer det, i tilfelle karakterene mine ikkje heilt møter karakterkravet. Eg har også høyrt at opptakskrava er planlagt å endra seg? Korleis vil dette då utspele? Eg har prøvd å ta dette opp med karriererådgjevaren på skulen, men svarene hennar var vage ettersom korleis opptaksreglane fungerar innan 1 års tid var usikkert, meinte ho. Takk for svar på forhånd!
Svar
Hei!
Eit førstegongsvitnemål er eit vitnemål du får viss du har fullført og bestått vidaregåande skule på normal tid. Dette er vanlegvis 3 år. Det står «Førstegongsvitnemål» på vitnemålet ditt om du har dette.
Det er den vidaregåande skulen din som avgjer om du får eit førstegongsvitnemål eller ikkje. Er du usikker på om du får førstegongsvitnemål må du snakka med skulen din.
I kvote for førstegongsvitnemål får du ikkje med eventuelle tilleggspoeng, alderspoeng, nye fag eller fag som du har forbetra etter vidaregåande. Dette får du berre med i ordinær kvote.
Kunnskapsdepartementet har varsla eit nytt opptaksregelverk som skal få effekt frå 2027. At dette nye opptaksregelverket skal innførast, har no gått gjennom i Stortinget. Nokre endringar kan bli innførte tidlegare. Det vil i så fall varslast i god tid før det blir innført. Så snart dette er avklart vil Samordna opptak oppdatera sidan «Endringer i regelverk».
Det er foreslått å fjerna ei rekkje poeng. På denne sida kan du lesa om kva poeng det er mogleg å få per i dag.
I stortingsmeldinga er det foreslått at dei einaste tilleggspoenga som skal førast vidare er to poeng for realfag og eit for avtening av verneplikt. Det betyr at til dømes tilleggspoeng for utdanning, folkehøgskule og fagskule, språkpoeng og alderspoeng vil forsvinna. Du kan lesa ei kort oppsummering av endringane i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.
Me veit ikkje korleis forslaga om fjerning av poeng vil påverka poenggrensene, men sannsynlegvis vil dei gå noko ned sidan det vil bli færre poeng som det blir mogleg å få. Det som er viktig å ta med seg er at når endringane blir innførte vil dei også gjelda for alle andre som søkjar på same tidspunkt.
Venleg helsing
Samordna opptak i samarbeid med ung.no
Besvart: 30.9.2024
Oppdatert: 30.9.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

