Må ein ha bra karakter i matte for å få jobb?
Jente, 14
Hei! Må ein ha bra karakter I matte for å få jobb? En bra jobb lissom? Hva skjer hvis eg har dårlig karakter i matte? Blir det ført på vitnemålet?
Svar
Hei!
Fyrst: Det er karakteren frå siste halvdel i 10. klasse som kjem på vitnemålet ditt. Du har altså litt tid att til å be læraren din om hjelp med faget, om du treng det.
Det er ikkje naudsynt å ha god karakter i matte for å få seg ein bra jobb. Men nokre yrker krev at du har 3 eller betre frå vidaregående skule. Dette kan være læraryrket og sjukepleiarar, til dømes.
Elles må elevane få 2 eller betre på vidaregående skule for å få eit fag godkjend. Viss eleven til dømes har spesifikke vanskar i matte, kan vitnemålet likevel bli godkjend med stryk. Dette må eleven søkje fylket sitt om å få vurdert. Den vidaregående skulen hjelper elevane sine med slike saker.
Vitnemålet frå ungdomsskulen blir alltid godkjend, også med til dømes Fritak for vurdering med karakter, Ikkje vurdert, eller karakteren 1.
Lykke til med alt!
Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 15.9.2020
Oppdatert: 15.9.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


