Spørsmål og svar

Vil det bli vanskeligere å få seg jobb med anmerkning?

Gutt, 14

Hei! Eg går i 9 klasse og lurer på om anmerkning gjør det vanskeligere å få seg jobb? Eg har 8 anmerkning vill det gjør karakter og sånt dårligere? Eg har mest anmerkning i åtferd og 1 i orden. Vet dere noe om det?

Svar

Hei!

Anmerkningar vil ikkje påverke karakterane dine i andre fag. Lærarane skal kun bedømme skulearbeidet ditt når dei set karakterar der. Men, med 8 anmerkningar i åtferd, kan du få nedsatt karakter her. Ordenskarakteren din er nok trygg enno.

Dei anmerkningane du har no, vil ikkje følgje deg over på neste semester, og dei kjem heller ikkje til å stå på vitnemålet ditt i 10. klasse.

Difor er du trygg for alle andre konsekvensar no, og i alle fall om du greier å endre åtferden din slik at du ikkje får fleire merknader i åra som kjem.

Å ha nedsatt i åtferd på vitnemålet frå ungdomsskulen kan gjere det vanskelegare å få sumarjobb mellom 10. klasse og vidaregåande skule. Arbeidsgjevarane vil helst ha høflege og greie arbeidstakarar. Seinare, vil det vere meir naturleg å bruke vitnemåla frå vidaregående skule når du skal søkje jobbar.

Lykke til med alt!

Med vennlig hilsen rådgiver/ungdomsskolelærer, Ung.no

Besvart: 13.11.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål