Kan eg få studentbustad når eg skal gå på Sonans?
Jente, 18
hei, til høsten vil eg flytte til bergen. Eg får ikkje vitnemål nå men må flyttte for å ta opp fag hos sonans. eg lurte på om eg forsatt kan søke på studenbolig og vilken nettsiden kan eg broke. Og kva slags stipend kan eg søke på?
Svar
Hei!
Sidan du skal vere elev og ikkje student, er det ikkje heilt sikkert at du kan få studentbustad gjennom Sammen (studentsamskipnaden i Bergen). Men det kan vere mogleg, så eg vil anbefale deg å ta kontakt med dei og spørje. Her finn du info og søknad for bustad. Viss du ikkje får studentbustad, kan du sjå etter hybel eller leilegheit på det vanlege leigemarknaden. Det er mange som brukar finn.no og hybel.no for å finne bustad i Bergen.
Når det gjeld stipend og lån, så kan du ha rett på støtte frå Lånekassen – også om du går på Sonans og tek fag som privatist. Det kjem an på kor mange fag du skal ta. Du kan sjekke det hos Lånekassen. Sonans har òg god info om dette på nettsida si.
Lykke til med både flytting og skule!
Med vennleg helsing
Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no
Besvart: 5.6.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

